Det vestre løpet har vore stengt for all sjøtrafikk frå og med 14. september.

Vegvesenet skal no utdjupa farleia, noko som inneber at dei må grave, sprenge og støype fundament. Arbeidet har tett lengre tid enn planlagt, og ein må derfor forlenge anleggsperioden med to månader.

– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vestre seglingsløp må stengjast for dykkarar og all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.

Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Vedlikehald kostar maksimalt ti prosent av prisen for å bygga nytt, og gir i tillegg langt lågare utslepp av klimagassar. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørje for at ein klarer det i morgon, slik at samfunnsoppdraget med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida er vareteke.

– Trygt skal det også vera for alle medan vi jobbar, og då er mellombelse endringar som dette naudsynte. Vi har forståing for at anleggsarbeid kan vera krevjande for dei som vert råka, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, avsluttar han.

Farleia vil verte stengd med bruk av bøyer plassert nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp blir endra.

‒ For å unngå ulukker og farlege situasjonar for sjøtrafikken, er det viktig at alle sjøfarande, både store og små, tar omsyn til gjeldande seglingsmønster i perioden når vestre seglingsløp er stengt, seier seniorrådgjevar Per Magne Rovde i Kystverket.

I stengeperioden blir det vakthold døgnet rundt ved anleggsområdet. Det er planlagt ein ny stengeperiode våren 2023.

Biltrafikken på brua vil i denne fasen ikkje bli påverka av arbeidet.