Det kan vere fare for at konkurransen i den norske marknaden for luftfart blir svekka om Norwegian får kjøpe Widerøe. Konkurransetilsynet må difor gjere ytterlegare analysar av oppkjøpet.
Det skriv Konkurransetilsynet på sine nettsider.
Det var i starten av juli at Norwegian gjorde kjent at dei ønskjer å kjøpe Widerøe. Konkurransetilsynet har henta inn og analysert detaljert informasjon frå selskapa og andre aktørar i marknaden.
Tilsynets første frist for å komme med sine førebelse vurderingar av oppkjøpet er i dag, 15. september.
Og tilsynet si førebelse vurdering er at konkurransen i luftfarten kan bli svekka. Om konkurransen blir redusert på ein måte som fører til høgare prisar og dårlegare tilbod for norske flypassasjerar, har Konkurransetilsynet moglegheit til å stoppe oppkjøpet.
– Marknaden for luftfart er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Velfungerande konkurranse er avgjerande for at norske flypassasjerar skal ha eit best mogleg tilbod til lavast mogleg pris. Det er naudsynt med ytterlegare analysar av korleis Norwegian sitt kjøp av Widerøe vil påverke konkurransen i marknaden, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.
Norwegian seier i ei pressemelding at deira mål med kjøpet av Widerøe ligg fast, nemlig at dei vil skape eit enno betre og heilskapleg tilbod for passasjerane. Det blir peika på at Widerøe og Norwegian i svært liten grad har overlappande ruter, og at begge selskapa vil halde fram med å ha basar, hovudkontor og tilsette i Norge på same måte som i dag.
Konkurransetilsynet vil komme med ei ny vurdering innan 17. november.
Då må tilsynet anten godkjenne oppkjøpet eller varsle selskapa om at det kan vere aktuelt å stanse det.
– Vi tek til etterretning at Konkurransetilsynet ønskjer å bruke noko meir tid på si vurdering av søknaden, og vi ser fram til den endelege avgjersla i saka seier Geir Karlsen, konsernsjef i Norwegian.