Onsdag forlanga Norsk Lastebileigarforbund (NLF) full stans i lossinga av delar til vindturbinane, som har komme til kai heilt aust på Fjord Base.

Dei peika på at lossinga ikkje var gjennomført etter regelverket, fordi det var utanlandskregistrerte lastebilar som skulle ha stått for lossinga og ikkje norske. Det var Bergens Tidende som melde saka først.

Det er finske Silvasti transport som står for lossinga og frakten av vindturbinane frå kaia på Fjord Base til Guleslettene.

Jan Ove Halsøy, regionsjef i Lastebileierforbundet, seier dette til Firdaposten;

– Det speler ingen rolle om det er på lukka område. Og når det er sagt, er ikkje eit ISPS-område eit lukka område så lenge kven som helst kan komme inn der med skjellig grunn. Dette er verken kabotasjekøyring eller kombinert transport: Om det hadde vore ein kabotasjetur, hadde dei komme til Norge med last. Vi har følgt bilane sidan dei kom til landet. I og med at dei har komme tomme til Norge, er det ikkje snakk om kabotasje.

Halsøy presiserer;

- Det er heller ikkje snakk om kombinerttransport, som gjer at dei har lov til å køyre 150 kilometer i luftlinje frå utgangspunktet, som her er kaia. For skal det vere kombinerttransport, er kravet at godset kjem i anten godkjende lasteberarar som containerar eller i trailerhengarar. Dette er vanleg skipslast.

Til BT stadfestar Zephyr at dei onsdag bad om at bruken av utanlandskregistrerte køyretøy skal opphøyre.

– Vi har gitt beskjed om at det berre skal brukast lastebilar med norske skilt i dette arbeidet på lukka område. Vi har også bede turbinleverandøren Vestas sjå på saka, sidan det er uklart kva regler som gjeld, seier prosjektleiar Arild Fjelldahl i Zephyr.

Då Firdaposten var på Botnastranda torsdag kveld, stod alle dei utanlandskregistrerte Silvasti-bilane parkert, medan ein Silvasti-lastebil med norske skilt stod for lossinga.