Gå til sidens hovedinnhold

Foreslår at apoteka skal få setje koronavaksinar også i 2022

I eit forslag som er sendt ut på høyring foreslår regjeringa å la sjukepleiarar og farmasøytar rekvirere vaksinar mot covid-19 òg ut 2022.

Høyringa skal vare berre to veker slik at kommunane får tid til å planleggje for koronavaksinasjon etter nyttår, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i høyringsnotatet.

I utgangspunktet er det berre legar og helsesjukepleiarar som har rett til å rekvirere denne typen legemiddel for ein pasient. Vanlege sjukepleiarar, farmasøytar og jordmødrer har fått eit mellombels løyve som varer fram til nyttår.

Dette løyvet foreslår ein no å utvide fram til 1. januar 2023, slik at fleire vil vere tilgjengelege til å setje tredje vaksinedose.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken