Klare for protestleir

Ungdommane skal samle seg i Vevring for å lære om planane til Nordic Mining.

Ungdommane skal samle seg i Vevring for å lære om planane til Nordic Mining. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

250 ungdommar inntek Vevering. Og dei inviterer til folkefest.

DEL

Torsdag slår rundt 250 engasjerte ungdommar frå heile landet opp telta sine på jorda i Vevering.

Natur og Ungdom har nemleg vald å gjere den årlege sommarleiren om til ein kombinert sommar- og protestleir i år for å skape blest rundt planane om sjødeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet.

– Kraftmarkering

I samband med protestleiren kjem og partileiarane Audun Lysbakken (SV), Trine Skei Grande (V) og Rasmus Hansson (MDG) på laurdag. Då skal dei delta i ein paneldebatt om miljø- og næringspolitikk, som ei opptrapping til lokalvalet i haust.

– Eg forventar ei kraftmarkering, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre. Vestre har etterkvart blitt godt kjent med området rundt Førdefjorden, og var mellom anna på besøk på Svanøy saman med SV-leiar Audun Lysbakken i fjor.

Inviterer alle til folkefest

I samband med protestleiren og den politiske debatten på laurdag, har Natur og Ungdom og sendt ut invitasjon til folkefest. Alle som vil er inviterte.

Då blir det konsert med Hjerteslag og Blasfemisk eksplosjon. Fridtjov Urdal kjem og for å seie kva han meiner om saka, og dei lokale stiller opp med festbord med fisk og sjødyr frå fjorden.

– Einar Stray speler opp til protestdans. Vi har framleis tru på at regjeringa kan snu i denne saka. Difor arrangerer vi folkefest med god stemning, og håper flest mogleg vil komme, oppfordrar Vestre.

LES OGSÅ: Ildfolk mot fjorddeponi

Ragnhild Underlid (21) er frå Vevring. Heile familien Underlid er engasjert i protestleiren.

Ragnhild Underlid (21) er frå Vevring. Heile familien Underlid er engasjert i protestleiren. Foto:

Dei lokale skal guide

Vevring har omlag 250 innbyggarar. Når innbyggartalet no blir dobla, er det ifølge Ragnhild Underlid (21) noko dei fleste i bygda er nøgde med. Underlid er sjølv frå Vevring, og heile familien hennar skal delta i leiren.

– Dei fleste her i bygda jobbar aktivt for å bevare fjorden, seier ho.

Mellom anna skal faren Arne Underlid ta med ungdommar på fjelltur, medan andre sambygdingar vil ta med ungdom ut på fjorden for å fiske. Ungdommane får også tilbod om tur til Svanøy, der dei mellom anna får lære om Svanøy Røykeri.

Underlid ser fram til å vise fram bygda ho kjem frå.

– Dei skal få oppleve livet her, og sjå kor godt ting fungerer her i dag. Det her er ein rekreasjonsplass, seier ho.

LES OGSÅ: - Ein gledens dag for Sogn og Fjordane

1.700 vil bryte lova for fjordane

I samband med planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjord har Natur og Ungdom starta ein aksjon der dei som er villige til å bryte lova ved sivil ulydigheit for å protestere mot saka, kan skrive seg på ei liste. 1.700 har skreve namnet sitt på lista.

– Det er alvorleg å bryte lova, men vi lovar aksjonar dersom prosjektet skal gjennomførast, seier leiaren.

MEIR OM SAKA:

Internasjonalt trykk for Førdefjorden

Fryktar tap av omdømme

– En merkedag for Nordic Mining

Lenkar seg for Førdefjorden

Artikkeltags