ATV-ulykke i Brandsøy, mann frakta i ambulanse til sjukehus

DEL

Det var i 16.00 tida i dag at politiet fekk melding at at nokre hadde sett ein ATV ligge kvelva ved Planteskulevegen i Brandsøy.

- Ein mann i 70-åra skal ha vore fører av denne, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Det var eit vitne som skal ha sett den kvelva ATV-en som melde frå til politiet.

Ambulansen var først på staden og fekk frakta mannen med seg til sentralsjukehuset i Førde.

Helsetilstanden til føraren er ikkje kjent.

- Vi kjem til å opprette sak etter denne ulykka for å etterforske og finne ut kva som har skjedd, seier politiet.

Artikkeltags