Fem skadde i frontkollisjon på riksveg 5

 Ulykka skjedde på riksveg 5, mellom husa i Erdalen og avkøyrsla til Hesjedalen.

Ulykka skjedde på riksveg 5, mellom husa i Erdalen og avkøyrsla til Hesjedalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Fleire hardt skadde, nokre kritisk skadde etter ulykka.

DEL

To bilar kolliderte front mot front på riksveg 5 i Erdalen i Førde, like etter klokka 06 tysdag morgon.

– Fleire av dei er hardt skadde. Nokre er kritisk skadde, seier innsatsleiar Gunnar Englund i politiet til Firda.

Dei skadde er sende til Haukeland universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus.

Ifølge politiet sat ein person i personbilen, og fire i varebilen. Alle dei involverte er skadde. Politiet har så langt inga formeining om årsaka til ulykka. Politiet melde på Twitter at ein person blei sitjande fastklemd etter kollisjonen.

No jobbar politiet med vitneavhøyr. Kriminalteknikar frå politiet jobbar på staden like etter klokka 08.

– Statens vegvesen sin ulykkeskommisjon er på veg. Dei er venta å vere på staden klokka 09.30, seier Englund til Firda sin reporter på staden.

Redningsmannskap var på staden klokka 06.27.

Riksveg 5 var i morgontimane stengd på grunn av bilberging. Klokka 07.30 var vegen opna for manuell dirigering.

– Det blir manuell dirigering til etter at vegvesenet er ferdige på staden, opplyser Englund.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags