Odelsjente frå Bremanger vart laurdag spydspissen til Frp her i fylket

Britt Dalsbotten, er sett på førsteplass på Frp si stortingsliste 2017

Britt Dalsbotten, er sett på førsteplass på Frp si stortingsliste 2017 Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det var Britt Dalsbotten (36) frå Dalsbotten nord på Bremangerlandet som laurdag vart samrøystes valt til Frp sin førstekandidat til stortingsvalet 2017.   

Ho har jobba i seks som pleieassistent på Bremanger sjukeheim. Ho er utdanna innan økonomi og marknadsføring frå Handelshøgskulen BI, i Bergen, og har sidan jobba som rådgjevar i Sparebanken Vest. No er ho autorisert finansiell rådgjevar. Ho har dessutan vore på fylkestinget sidan 2012. I vel 10 år har ho budd i Førde.

Prioriterer politikken

Med tillit som førstekandidat er ho ikkje i tvil om at det er politikken ho kjem til å prioritere framover.

– Eg er for tida singel og har ikkje barn så eg har allverdas tid til å drive politikk, og det kjem eg til å gjere, seier den nye førstekandidaten.

– Har du ein stortingsrepresentant i magen?

- Draumen har vore der langt bak i hoovudet ei tid, men eg har ikkje tenkt noko vidare på det. Det har vore hektisk på jobb, og det har vore vanskeleg å prioritere både jobb og politikk. Eg har kanskje ikkje vore den mest aktive dei siste åra, men folk har lagt merke til meg like vel. Det kjem vel av at eg ikkje er redd for å seie meininga mi, seier Dalsbotten. 

Carl I. var leiestjerna

Dalsbotten er som sagt oppvaksen på gard, og har ikkje fått politikken inn med morsmjølka. Foreldra var ikkje partipolitisk aktive, men støtter odelsjenta si i det politiske vegvalet ho har gjort. Dalsbotten har sjølv vore aktiv i FpU og Frp sidan 2000.

– For meg var det Carl i Hagen som tende lyset. Eg skjøna kva han sa. Det var i motsetning til dei andre politikarane eg høyrde på, strekar ho under.

No er ho sjølv i posisjon til å kommunisere, og ho legge heller ikkje skjul på at tilliten fylkesårsmøtet la for dagen gledde ho.

– Det var veldig kjekt på nominasjonsmøtet. For det var to motkandidatar som var spelt inn på førehand, men begge trekte seg. Det syner at eg har brei støtte i partiet. Slikt motiverer. Dessutan veit eg at eg har solide rådgjevarar og støttespelarar i fylkesstyret med meg i arbeidet framover.   

- Vise kva vi står for

– Kva trur du må til for at Frp skal få eit mandat inn på stortinget til hausten?

Vi må vere aktive og vi må vere synlege. Vi har tru på kva vi står for og då må vi berre vere synlege og kommunisere politikken vår. Fast plass kan bli ei utfordring, så vi håper mest på utjamningsmandatatet. Vi har uansett ingenting å tape.

– Er det vanskeleg å kommunisere Frp-politikk i eit fylke som Sogn og Fjordane?

– Frp politikk fungerer over heile landet. Vi skal fokusere på alt de positive vi har fått gjennom i regjering. Etterslepet vi har fått til på vegane er noko alle må merke. Dei som ikkje har fått med seg det som har skjedd på norske vegar i det siste, følger ikkje med i timen, og samferdsel er absolutt viktig i eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane, seier Dalsbotten om eit felt ho kjem til å vere tydeleg på framover.

Følgande vart vald inn i fylkesstyret i FrP:

Fylkesleiar: Lars-Svein Drabløs, Eid

Politisk nestleiar: Rita Navarsete, Sogndal

Organisatorisk nestleiar: Miriam Nesje, Flora

Studieleiar: Marita Aarvik, Selje

Medlemsansvarleg: Bjarne Holme, Flora

Styremedlem: Britt Dalsbotten, Førde

Styremedlem: Kristine Lie, Førde

Styremedlem: Hogne Bleie, Vågsøy

Styremedlem: Anders Magne Vik, Stryn

Fylkestingsgruppa sin representant: Frank Willy Djuvik

Nominasjonsmøtet valde følgande liste til stortingsvalet:

1. Britt Dalsbotten, Førde

2. Lars-Svein Drabløs, Eid

3. Rita Navarsete, Sogndal

4. Hogne Bleie, Vågsøy

5. Anfinn Sjåstad, Selje

6. Marita Aarvik, Selje

7. Geir Sandvik, Årdal

8. Bjarne Holme, Flora

9. Anders Magne Vik, Stryn

10. Idar Kollsete, Sogndal

Artikkeltags