Norsk Tipping prøver å få tak i nybakt lottomillionær

FÅR IKKJE TAK I VINNAR: Norsk Tipping fekk ikkje tak i kvinna frå Førde som vant 1 million i Lotto laurdag.

FÅR IKKJE TAK I VINNAR: Norsk Tipping fekk ikkje tak i kvinna frå Førde som vant 1 million i Lotto laurdag. Foto:

Er du Førde-kvinna dei leitar etter?

DEL

(Firda) Norsk Tipping leitar etter ei Førde-kvinne som har vunne 1 million kroner etter laurdagens trekning.

Det melder Norsk Tipping i ei pressemelding.

Dei brukte laurdagen til å ringe 40 ferske millionærar.

– Det blei mange jubelbrøl, gledestårer og herlege reaksjonar. Men. Ikkje alle vinnarane kom vi i kontakt med laurdag kveld. Det er framleis ti vinnarar der ute som ikkje svarte på oppringinga frå 625 60 000, heiter det i pressemeldinga.

Ni av dei i vant 1 million kvar, medan ei kvinne frå Kvinnherad stakk av med 3,3 millionar.

Norsk Tipping vil på ny prøve å kome i kontakt med vinnarane søndag morgon.

Artikkeltags