Kjedekollisjon i tunnel

KEJDEKOLLISJON: Fem bilar var involverte i kjedekollisjonen

KEJDEKOLLISJON: Fem bilar var involverte i kjedekollisjonen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Fem bilar er involverte i ein kjedekollisjon i Klettatunnelen. Sju personar er sendt til legevakt.

DEL

Fem bilar har vore involverte i krasjen, som vart meldt klokka 16.37.

– Det er litt kaotisk her, og enormt lange køar på begge sider, av tunnelen, seier Firda sin reporter på staden.

Sju personar til lege

Dei fem bilane som var involverte i kjedekollisjonen var på veg frå Naustdal til Førde. Sju personar er sendt til legevakt, melder Helse Førde.

– Det ser ikkje ut som det er alvorlege personskadar, seier Firda sin journalist.

Innsatsleiar i politiet, Gunnar Englund, seier at det var sju personar involvert i ulukka.

– Pr. no veit vi ikkje årsaka til ulykka. Fem bilar har kjedekollidert. To av bilane er køyrbare, dei tre andre må fraktast vekk med bergingsbil, seier Englund.

Kjedekollisjon, Førde, Klettatunnelen 24. november 2017.

Kjedekollisjon, Førde, Klettatunnelen 24. november 2017. Foto:

Lange køar ut av sentrum

Politiet var kjapt på staden etter at meldinga kom.

– Vi var ute på eit anna oppdrag i sentrum og var på ulykkesstaden berre minutt etter.

Det er stor trafikk i Førde sentrum grunna Black Friday. Det er no lange køar ut av sentrum.

– No skal vi frakte vekk køyretøya og så skal brannvesenet spyle. Det har leke diesel frå eine bilen, fortel Englund.

Tunnelen blir opna for trafikk når dette er gjort, informerer politiet. Englund ber billistane vere tolmodige.

Kjedekollisjon, Førde, Klettatunnelen 24. november 2017.

Kjedekollisjon, Førde, Klettatunnelen 24. november 2017. Foto:

Artikkeltags