Elveeigarar og oppdrettarar dannar felles front mot sjødeponi

Eiliv Erdal møter fiskeoppdrettarane Elin Tveit Sveen og Trond Sveen i utløpet av Førdefjorden.

Eiliv Erdal møter fiskeoppdrettarane Elin Tveit Sveen og Trond Sveen i utløpet av Førdefjorden. Foto:

Det lokale næringslivet i Førdefjorden, som omset for ein milliard kroner årleg, fryktar at sjødeponiet vil øydelegge næringsgrunnlaget deira.

DEL

Dei kan ikkje akseptere ei industrialisering av sjølve fjordsystemet, som er totalt øydeleggande for det eksisterande næringslivet i lokalsamfunna rundt fjorden.

På Svanøya i utløpet av Førdefjorden treff vi Elin Tveit Sveen og Trond Sveen i Marø Havbruk og leiar i Nausta Elveeigarlag og vara-styremedlem i Norske Lakseelver,  Eiliv Erdal. Dei har hatt ein god dialog i mange år og passar nok ikkje inn i det tradisjonelle fiendebildet.

Dei er samstemte i at gruvedrifta utan sjødeponi-  som det alternative driftsselskapet Arctic Mineral Resources står for,  seriøst bør vurderast som alternativ til Nordic Mining.

Milliard i omsetning

– Framstillinga av Førdefjorden som eit fattig område med liten aktivitet i næringslivet er feil, slår Elin Tveit Sveen fast.

– I 2018 skapte dei 68 tilsette i havbruksbedriftene som driv i Førdefjorden ei omsetning på 952 millionar kroner, noko som genererte 70 millionar kroner i bedriftsskatt. I tillegg sit vi på verdiar som også gir mykje formueskatt til fellesskapen, argumenterer ho.

Næringslivet i Førdefjorden har drive her i lange tider og omset for nær ein milliard kroner årleg.

Elin Tveit Sveen

Eiliv Erdal viser til at samfunnsverdien av fritidsfisket i fjorden er kraftig undervurdert og at elvefisket er ei viktig attåtnæring for landbruket.

– Omsetninga berre i Nausta ligg på fem til sju millionar kroner i året. Vi jobbar mykje dugnad og vi har investert mellom tre og fem millionar kroner i habitatforbetring i elva.

Krav om smoltkartlegging i to år

EIliv Erdal peikar på at i vedtak om utsleppsløyve som Nordic Mining har fått, står det at dei først må gjennomføre ei kartlegging av smoltvandring ut frå dei fire elvane i Førdefjorden.

– Dette må dei gjere i minst to sesongar og dei har enno ikkje starta på jobben. Utvandringa frå elvane skjer også på ulike tidspunkt. Fisken frå Jølstra vandrar ut seinare, sidan dei har meir kaldt brevatn som kjem ned via Jølstravatnet.

Han har framleis tru på at det nyttar å kjempe mot sjødeponi i Førdefjorden og har ikkje tenkt å gje seg over.

Nordic Mining vs Arctic Mineral Resources

  • Nordic Mining vil utvinne minerala rutil og granat i Vevring.
  • Rutil er eit mineral som består av titan og oksygen og er utgangspunkt for produksjon av titandioksid, som blir brukt i fargepigment blant anna til maling, medan industrimineralet granat kan erstatte kvartssand til sandblåsing og sliping.
  • Nordic Mining meiner minerala må utvinnast samstundes og at dei har behov for å lagre reststeinmassar på fjordbotnen.
  • Arctic Mineral Resources meiner at granatførekomsten er så stor at den kan utvinnast med god økonomi åleine i ei gruve under jorda utan behov for sjødeponi. Dei vil overlate reststeinmassen til andre for utvinning av rutil.

Politiske paradoks

Erdal peikar på at særleg regjeringspartiet Venstre ikkje har nok truverd att som miljøparti. Miljøminister Ola Elvestuen har sjølv vore i Vevring og proklamert at sjødeponiet i Førdefjorden er noko dei aldri ville komme til å akseptere. No har regjeringa nyleg endeleg godkjent eit sjødeponi frå Nussir-gruvene i Repparfjorden i Finnmark. Statsminister Erna Solberg (H) på side stiller seg i bresjen for miljøaksjonen for å rydde plast frå havet, samstundes som ho godkjenner dumping av kjemihaldig gruveavfall i norske fjordar.   

Miljøminister Ola Elvestuen og regjeringspartiet Venstre har vist at dei har null truverde i miljøspørsmål.

Eiliv Erdal, elveeigar i Naustdal

Ny næringsplan for Sunnfjord

Sunnfjord Utvikling har i følge Firda laga framlegg til ein strategisk næringsplan for Sunnfjord. I Førde planutval hausta planen mykje ros, for å vere sjeldan konkret i målsettingane sine. På eitt punkt meiner derimot eit samla planutval at den strategiske næringsplanen går for langt. Omtalen av Nordic Mining, og «prosjektet» i bestemt form-  blei ikkje godteke.

– Vi har eit vedtak i Førde bystyre mot sjødeponi, presierer Helge Robert Midtbø (Ap) , som ønsker likebehandling av aktørane og dei ulike prosjekta.

Avstemminga i planutvalet enda med eit vedtak om likebehandling av aktørar og prosjekt knytt til mineralutvinning i Engebø.

Artikkeltags