– Vi hadde mistanke om at sjåføren var rusa og at det var narkotika i bilen. Det viste seg å stemme

FUNN: Bildet syner beslaget politiet gjorde i bilen med dei fire ungdommane som var på bytur i Førde i helga. T.v. 25 gram marihuana og til høgre 119 gram hasj.  

FUNN: Bildet syner beslaget politiet gjorde i bilen med dei fire ungdommane som var på bytur i Førde i helga. T.v. 25 gram marihuana og til høgre 119 gram hasj.   Foto:

Fire ungdommar på bytur i Førde enda i arresten i helga.

DEL

Politiet i Førde stoppa laurdag formiddag klokka 11.00 ein bil i Førde sentrum med fire ungdommar i.

– Vi hadde mistanke om at sjåføren var rusa og at det var litt narkotika i bilen. Det viste seg å stemme, seier Gunnar Englund ved lensmannsstasjonen i Førde til firda.no.

Dei fire ungdommane, alle menn i 20- åra, blei arrestert og tekne med til lensmannskontoret.

– Enden på visa var at vi fann 130 gram cannabis i bilen, seier Englund, og legg til at 25 gram var marihuanas og 119 gram var hasj.

Alle fire blei avhøyrt og det blei teke blodprøve av sjåføren, som synte seg å vere rusa.

Ein av mennene har erkjent oppbevaringa av narkotikaen.

– Vi etterforska saka ferdig i løpet av laurdag kveld, seier Englund og legg til at ungdommane er dimittert.

– Er 130 gram cannabis mykje eller lite i denne samanheng?

– Det er i alle fall meir enn dei kunne røykt opp på ein kveld, men det er ikkje av eit slikt omfang at ein blir varetektsfengsla.

Det var UP etterretning som kom på sporet av ungdommane. Begge vaktpatruljane blei deretter kopla på saka.

Innsatsleiar på staden, Gunnar Englund, frå Førde og Naustdal lensmannskontor.

Innsatsleiar på staden, Gunnar Englund, frå Førde og Naustdal lensmannskontor. Foto:

Artikkeltags