– Vi kom Sanner i forkjøpet

DEI VAR FØRST: Kommuneoverlege, og lege ved Sunnfjord Medisinske Senter, Jan Helge Dale.

DEI VAR FØRST: Kommuneoverlege, og lege ved Sunnfjord Medisinske Senter, Jan Helge Dale.

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Han er lege på eit helsehus som ikkje kjem til å skifte namn.

DEL

Sunnfjord Medisinske Senter ligg i Florø. No har kommunaldepartementet bestemt at dei fire kommunane i Indre Sunnfjord skal heite Sunnfjord. Kommuneoverlege og lege ved Sunnfjord Medisinske Senter, Jan Helge Dale, trekk ikkje på skuldrane ved namnevalet, men trekk derimot litt på smilebandet.

– Då Førde tok frå oss sjukehuset i si tid tenkte vi at vi måtte ha eit Sunnfjordsk namn då vi etablerte dette helsehuset. Det var faktisk ein del misunning frå Førde då vi tok namnet Sunnfjord Medisinske Senter, så no kom vi også Sanner i forkjøpet, seier Dale og humrar. Han fortel dei ikkje kjem til å skifte namn skjølv om Indre Sunnfjord no har tatt namnet til heile Sunnfjord.

– Vil ikkje det kunne bli forvirrande? Nei, det trur eg ikkje. At ein samling av kommunar tek same namn som oss, er ikkje noko som eg tapar nattesøvnen av, for å seie det slik, avsluttar Dale.

Artikkeltags