80-åring skadd i kollisjon ved Storebru

Ein bubil og ein personbil kolliderte front mot front-kollisjon ved Storebru på rv. 5 tysdag. Ein mann i 80-åra er frakta til Haukeland sjukehus, og er alvorleg skadd, men stabil.

Ein bubil og ein personbil kolliderte front mot front-kollisjon ved Storebru på rv. 5 tysdag. Ein mann i 80-åra er frakta til Haukeland sjukehus, og er alvorleg skadd, men stabil. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Bubil og personbil frontkolliderte tysdag på rv. 5 mellom Florø og Førde. Ein person vart alvorleg skadd og sendt til Haukeland.

DEL

Helse Førde melder onsdag morgon at det var ein 80-åring som vart skadd i frontkollisjonen ved Storebru i Eikefjord tysdag.

Mannen vart først sendt til Førde sentralsjukehus, men seinare på kvelden vart mannen sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden var då alvorleg, men stabil, melder Helse Førde.

Ulukka vart meldt klokka 12.31 og var ein frontkollisjon mellom ein bubil og personbil. Den skadde mannen sat i personbilen. Dei to andre involverte fekk lettare skadar.

Politiet sin innsatsleiar, Kjell Bolsø, sa tysdag at hendingsgangen i ulukka var uklar.

Artikkeltags