Mystiske svele-tjuvar herjar sjukehuskafeen

UTAN SPOR: Tre slike svelefat har forsvunne frå sjukehuskafeen i løpet av sommaren. Om det er langfingra tjuvar eller svoltne tilsette som har stukke av med svelene, er uvisst. Men det som er sikkert, er at Martinus Aamot Dahl og dei andre tilsette ved kafeen på sentralsjukehuset står utan spor i saka.

UTAN SPOR: Tre slike svelefat har forsvunne frå sjukehuskafeen i løpet av sommaren. Om det er langfingra tjuvar eller svoltne tilsette som har stukke av med svelene, er uvisst. Men det som er sikkert, er at Martinus Aamot Dahl og dei andre tilsette ved kafeen på sentralsjukehuset står utan spor i saka. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Svelene på Førde sentralsjukehus er så gode at dei ikkje får fred frå søtsugne sveletjuvar.

DEL

– Vi skjønnar ikkje kva som har skjedd eller kven som har tatt dei, seier Martinus Aamot Dahl (20).

Slutt på sommaridyllen

Det vesle svelemysteriet finn stad på kafeen i første etasje på Førde sentralsjukehus, som er ein ganske roleg og lite kriminell stad i vår del av verda.

Men i sommar har idyllen slått sprekkar;

– Vi oppdaga det første gong ein fredag for ein månad sidan. Eg var ute på bakrommet og ordna med nokre saker og ting. Då eg kom tilbake eit par minuttar seinare var eit heilt svelefat vekke.

Kor fatet hadde teke vegen, visste ingen. Aamot Dahl og dei andre som jobba på kjøkkenet forhøyrde seg med andre på sjukehuset for å finne ut om dei visste noko.

Men nei, mysteriet med det forsvunne svelefatet stod framleis uløyst.

Søte freistingar

Dagane gjekk og nye kafegjestar fant vegen til kafeborda ved sentralsjukehuset. Svelene blei steikte og smurt inn med smørkrem, og alle som ville ha betalte dei 26 kronene dei kosta.

Men så skjedde det igjen, sveletjuven slo til igjen og eit heilt svelefat med 15 søte freistingar forsvann frå disken:

– Det merkelege var at tjuveriet skjedde på same tid og stad som sist, seier Aamot Dahl, som også denne gongen var vekke eit par minutt i bakrommet då tjuveriet skjedde.

Nok ein gong blei det sett i verk leiteaksjon etter svelefatet og svelene, men utan resultat.

Overvakingskameraet i kafeen til lita hjelp

Ifølge Aamot Dahl er det berre svelene som har forsvunne. Dei andre matvarene får stå i fred.

For nokre få dagar sidan skjedde det igjen; for tredje gong på ein månad har endå eit fat forsvunne.

– Er dei eksepsjonelt gode desse svelene?

– Ja, dei er gode, bekreftar Aamot Dahl.

Overvakingskameraet som er i kafeen, peikar dessverre feil veg. Om det kan snuast, er ikkje sikkert.

Sidan tjuveriet har kafeen tatt affære. No legg dei færre sveler på fata og håper at tjuvane held seg unna. 

– Dessutan ser eg meg meir rundt etter mystiske folk i kafeen, smiler 20- åringen lurt.

Artikkeltags