«Stimen» set opp buss

MANNSTERKE: Førdianarane hadde 10 bussar til lokalderbyet i Florø i fjor. Stimen har fiksa to, men om pågangen er stor set dei opp fleire.

MANNSTERKE: Førdianarane hadde 10 bussar til lokalderbyet i Florø i fjor. Stimen har fiksa to, men om pågangen er stor set dei opp fleire.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det blir kollektiv transport frå Florø til lokaloppgjeret mellom Florø og Førde i Førde måndag.

– Vi fekk tilbod frå Firda Billag, men det var litt dyrt. Heldigvis sponsar Sparebanken Sogn og Fjordane oss slik at vi slepp unna med ein 50-lapp, og det er rett og slett heilt strålande seier talsmann for Florøsupporterane «Stimen», Jon Håvard Strømsnes.

I første omgang har dei booka to bussar, men om pågangen er stor set dei opp fleire.

– Vi håpar at så mange som mogleg reiser i buss. Då blir det best stemning, seier Strømsnes som ønsker å reklamere for supportertreffet i forkant.

– Bussane går frå Firda Billag klokka 14.30, men ifrå klokka 12.00 måndag samlast vi på rådhusplassen til førebuing, kjem det frå Strømsnes.

I fjor vart det 1–1 mellom erkerivalane på Florø stadion. No blir det batalje i Hafstadparken der Førde mellom anna slo ut Brann av cupen.

Artikkeltags