Stimen! De må vakne, førdianarane kjem!

Lokalderby mellom Florø og Førde Florø stadion 16. mai 2015. Uavgjort 1-1

Lokalderby mellom Florø og Førde Florø stadion 16. mai 2015. Uavgjort 1-1 Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

AproposOnsdag er det klart til dyst mellom erkerivalane Førde og Florø på Florø stadion kunstgras. Dei var begge i Postnord-ligaen i fjor. Men gjekk til kvar sin ende etter at sesongen var over. Førde rykka ned til nivå 4 og den nye tredjedivisjon. Florø, som alle veit, vann avdelinga si og rykte opp i Obosligaen.

Og ut ifrå kva dei leverte dei to laga, var det fullt fortent. Førde kom sist, og det var tidleg klart at dei under Julian Madsen ikkje hadde det som skulle til for å bli topp sju som ville gitt fornya tillit i Postnord-ligaen.

No har Bjørn Totland frå Eid tatt over roret til Førde IL. Han satsar på dei unge spelarane og har også Øystein Myrkaskog (28) på laget. Spissen som var aktuell både for Florø og for Åsane i Obosligaen, valde noko overraskande Førde i 3. divisjon. 

Den nye Førde-trenaren har ein plan om å møte tøffare motstand no fram til serieopninga i 3. divisjon, og no er det Florø Fotball som står for tur.

– Vi veit at det kjem til å vere høg intensitet og eg veit det er mykje løpskraft i begge laga. Dessutan vil det vere tøffe duellar mellom spelarane når dei møtest. Florø er favorittar og vil presse oss høgt på heimebane. Eg forventar tøff kamp, seier Totland. Han fortel Førde hadde god motstand tidleg på forsesongen, og har spelt mot 4. divisjonslag i det siste. No skal dei trimmast vi og spissast, noko som betyr å møte Florø og Hødd inn mot seriestart.

– Vi kan slå Florø i Florø

– Kan de slå Florø?

– Sjølvsagt kan vi det. Ein fotballkamp lever sitt eige liv. Vi reiser ikkje ut til Florø utan å tru vi kan slå dei, poengterer Totland. Det vart 3–0 til Florø sist dei møttest no i vinter. Å gjere det endå betre no er ein klar målsetting. 

– Måla våre i år er at vi skal bygge ein meir lokal profil og få utvikling i det vi styrer med. Vi har ikkje gått ut med noko ambisjon om å rykke opp, seier Totland. Med Holseter og Myrkaskog inn i troppen, i tillegg til at dei har fått opp gode yngre spelarar gjer at den nye førdetrenaren er veldig nøgd med spelarane han rår over. Men opprykk torer han ikkje å gå ut med. For det er ein del hardtsatsande lag i Førde sin divisjon, som til dømes Brattvåg og Lysekloster. Dei har begge økonomiske musklar og målsetning om å rykke opp.

– Det er positivisme i Førdefotballen no, så vi gler oss til sesongen, seier Totland. Dette året skal dei ta steg vidare. Og det første steget er no Florø.

Florø valsa over Førde i dei to kampane dei møttest i fjor. Dei vann 4–0 i Hafstadparken og plussa på to til når Førde kom til Florø i haust og vart blåst av bana med 7–0 i mot. Men i treningskampen i vinter vart det berre 3–0 til Florø.

– Dei skal vise at dei duger

Terje Rognsø ønskjer å sjå spelarar som ønskjer å vise seg fram på kunstgraset. 

– Planen i morgon er at dei som treng mest kamptrening i troppen speler, og dei som må vise mest at dei fortener ein plass på laget. Det er ikkje noko toppa lag, men det er A-laget som stiller så vi skal vere budd til å møte Førde. Dei som speler mot Førde kjemper alle om å spele i førsteellevaren. Runar (Hove) speler den første kampen sidan vi avslutta serien, så det er fem månader sidan, avsluttar Rognsø.

Artikkeltags