Eventyrli´hektisk for Oda laurdag

PENDLAR: Det er på RV5 Oda Alisøy skifter og sminkar seg om frå «Evig ung» i Førde til «Florarevyen» . – Etter mine reknestykke skal eg vere i Florø to minutt før vi går på scena, seier Alisøy som til alt overmål har med seg eige publikum. Kari Melheim Ottesen og Gro Utkilen skal også på begge framsyningane og følge med i bilen utover.  Foto: Egil Årdal

PENDLAR: Det er på RV5 Oda Alisøy skifter og sminkar seg om frå «Evig ung» i Førde til «Florarevyen» . – Etter mine reknestykke skal eg vere i Florø to minutt før vi går på scena, seier Alisøy som til alt overmål har med seg eige publikum. Kari Melheim Ottesen og Gro Utkilen skal også på begge framsyningane og følge med i bilen utover. Foto: Egil Årdal

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Klokka 19.40 går Oda Alisøy ut av teateret i Førde laurdag. 20.30 skal ho stå ferdig sminka på scena i Florø.

Oda Alisøy speler i Sogn og Fjordane Teater si jubileumsframsyning «Evig ung». Denne har selt så bra at dei fann ut at dei ville sette opp ei ekstraframsyning. Ulempa var at Oda Alisøy allereie hadde takka ja til å spele for Florarevyen.

Men skodespelarar og revyfolk veit at «The show must go on» og det gjer det denne helga også.

– På fredag har eg fått ei heilt bråte av jentene i Florarevyen til å ta alle rollene mine. På laurdagen står Otto Søvig med motoren i gang og tek i mot meg i det eg bykser ut av Førdehuset. Etter mine reknestykke så skal eg vere i Florø to minutt før. Då har eg rekna inn både kostymeskift og sminking i bilen på veg vestover mot og Florarevyen, seier Oda.

Etter mine reknestykke skal eg vere i Florø to minutt før vi skal på scena.

Oda Alisøy, skodespelar i Florarevyen og Sogn og Fjordane Teater

I Florarevyen ville dei ha med seg Oda til finalen, difor utsette dei starten slik at ho hadde sjansen til å komme ut frå Førde.

– Er det ikkje kjekt med slikt tempo?

– Jo klart det, det er veldig kjekt at det er travelt. Det blir enkelte heftige skift for dei som skal stille opp for meg også, mellom anna for Victoria som frå før av har mange skift. Ho blir nok rimeleg heit på fredag, seier ho og ler.

Oda som er trent skodespelar og rosar ensemblet i Florarevyen og utviklinga dei siste åra.

Langt meir proff

Då eg sa ja til revyen første gang var eg redd for at teksten skulle vere svak og at det skulle vere for mykje underbuksehumor. Men vi er innanfor, vi er strammare i regien og det er veldig kjekt at vi når eit profesjonelt nivå på fleire og fleire område. Eg synest det har vore utruleg kjekt i år.

– Skal det bli godt å bli ferdig?

– Både og, er litt kjipt å avslutte noko sjølv om det er hektisk og intenst når det står på. Men når det er over blir det jo litt tomt.

Domino for I-saxen

I tillegg får saxofonist Atle Isaksen ei utfordring. Han skal nemleg køyre til Oslo etter enda førestilling for å rekke eit fly frå Gardermoen neste morgon. I utgangspunktet hadde han god tid, då revyen skulle begynne ein halvtime før (19.00). No blir det derimot hakket meir heftig. Han må rekke den einaste ferja klokka 01.00, og i tillegg skal klokka stillast fram den natta ...

Artikkeltags