Kommunar for framtida

Vidar Grønnevik. Arkivfoto.

Vidar Grønnevik. Arkivfoto. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Debatt Som leiar i Sogn og Fjordane Høgre har eg klare meiningar om kva kommunestruktur vi bør ha i fylket våret etter 2020. Eg lar dette ligge no og konsentrerer meg om Sunnfjord, der dei fleste kommunane skal ha folkerøysting den 4. april - om mindre enn ei veke - sidan det er der eg bur. Etter debatten i media å dømme, virker det som om det er tre leire som er tonenangivande - dei som ikkje vil ha endring - dei som har fokus på tapte slag - dei som vil rigge Sunnfjord for å møte morgondagen sine utfordringar Eg høyrer til den siste kategorien, og min ynskjekommune består av Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal og Flora - Sunnfjord kommune. Bremanger skulle også vore ein del av ein slik kommune, men dei skal være velkommen når dei er klar. Det gjeld også Solund, men eg forstår at ein slik kommune kan virke noko fjern (målt i avstand) for dei enn for dei andre kommunane.

Sunnfjord kommune vil ha nesten 50.000 innbyggarar med betydelig tyngde på kysten. Førde er det naturlige kommunesenter, sidan dette er den staden som flest innbyggarar har kortast avstand til. Både Dale og Florø vil imidlertid ha betydelige administrative oppgåver lagt til seg og alle dagen rådhus skal ha publikumsfunksjonar. Barnehagar, skular og omsorgstilbod vil fortsatt være der folk bur. Dette blir ein kommune som vil ha eit budsjett på minst 4 mrd kr, sikkert 4000 tilsette og ei politisk røyst som det vil bli lytta til når fylkeskommunale/regionale vedtak skal gjerast. Det same vil være tilfelle når vi skal melde oss som vertskommune for statlige arbeidsplassar som skal leggast utanfor Oslo-gryta. Dei som vert sett til å leie kommunen - både folkevalde og administrasjon - vil være mennesker som har heile kommunen som sitt ansvarsområde og som samvitsfullt vil arbeide for å tene heile kommunen.

Det er ikkje snakk om at indre overtek ytre eller at 7 kommunar vert lagt under Førde. Det er snakk om å rigge seg for å møte morgondagen sine utfordringar gjennom å samordne menneskelige, økonomiske og politiske krefter slik at handlingsrommet og handlekrafta blir større. Velgarmakta i ein slik kommune vil ha hovedtyngda på kysten og med Bremanger påmønstra seinare er det indre som bør være urolig, dersom ein er redd for at det er bygdetullingar som kun har auge for si bygd som skal styre Sunnfjord kommune. Eg er overbevisst om at Sunnfjord kommune vil styrast av framsynte mennesker som tek ansvar for heile kommunen og som sørger for at spesialiserte tenester vert ivaretekne av mennesker med rett kompetanse og der enkeltvedtak vert gjort med tilstrekkelig armlengdes avstand mellom sakshandsamar og den/dei enkeltmenneska vedtaka gjeld. Vidare er eg overbevisst om at Sunnfjord kommune vil legge til rette for vekst og utvikling der det er grunnlag for dette, slik at kommunen sine naturgitte fortrinn kan utnyttast i både indre og ytre strok slik at den verdiskapinga som er grunnlaget for velferda vår vert like høgt prioritert uavhengig av postadresse. Godt val Sunnfjordingar ! Vidar Grønnevik Leiar Sogn og Fjordane Høgre

Artikkeltags