– Å slutte å seie eg er frå Sogn og Fjordane, er berre heilt utenkeleg

TRIVSELSFYLKET: Journalisten Marie Havnen kjem frå Førde, men først og fremst Sogn og Fjordane. Her frå ein sommardag på jobb i Oldedalen. Foto: Bent Are Iversen/ Marie Havnen

TRIVSELSFYLKET: Journalisten Marie Havnen kjem frå Førde, men først og fremst Sogn og Fjordane. Her frå ein sommardag på jobb i Oldedalen. Foto: Bent Are Iversen/ Marie Havnen

Artikkelen er over 2 år gammel

No er det klart at 250 år som Sogn og Fjordane blir historie. Då stikk det i magen, men ikkje fordi eg trur Bergen skal stele alt, eller at livet blir så mykje kjipare.

DEL

Journalisten Marie Havnen registrerer følgene av regionreforma og skriv varmt om trivselsfylket sitt i  avisa Firda der ho jobbar. 

For vi har fossar som heng i ei snor. Beint ned i verdas lengste fjord. Vi har holmar med fisk omkring, og storm ved Stad. Det stikk så eg kjenner det langt inn i hjartet. Eg er førdianar, men først og fremst frå Sogn og Fjordane.


Det er mange som meiner mykje om kommune- og fylkessamanslåing. I kveld handlar det ikkje om politikk. Det handlar om identitet. Og hjartesorg. For alle gode ting er tre. Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Ingenting er så avgjerande for kven eg er, eller i alle fall som kven eg kjenner meg som, som at eg er frå Sogn og Fjordane. Med fjord og fjell. Og folk.


Grønt gras, frisk luft, akkurat passeleg mange staute, rare, gode folk. Eg kan ikkje komme på ein betre plass å vekse opp. Her bur folk frå brenning til bre. Frå Selje til Solund, og Sogndal er med. Frå Bremanger og Balestrand, og Breim og Bru. Og i Florø, Førde og Fresvik vil vi bu. På jobb er eg så heldig å få køyre rundt i fylket. Og kvar einaste gong eg er utanfor redaksjonen, slår det meg. At Sogn og Fjordane er nettopp Sogn og Fjordane. Eg tar meg i å bli småforelska i kvar einaste bygd eg er innom. På tur i Bulandet misunner eg dei kanskje ikkje det harde vêret, men roa i sjela, som du får i havgapet. I Oldedalen skjønar eg kvifor turistane spør kor ofte dei målar breen blå. I Sogndal har dei verdas finaste dialekt. Anten eg stoppar på ein sliten nærbutikk, eller køyrer langs Jølstravatnet i steikande sol så vel som piskande regn. Blir kanskje irritert fordi det er dårleg radiodekning i Våtedalen, men må trekke på smilebandet kvar gong geitene sperrar vegen. Eg blir sjarmert i kvar ein krok.

 

Som oftast så går vi kanskje kvar vår veg, med gummistøvlar og lange steg. Kranglar om sjukehus og kommunenamn. Eg kan bli irritert på jølstringar eller florøværingar som ikkje unner Førde ein skit. Og glad når nok ein barndomsvenn frå fylket flyttar heim. Det er ikkje alle som vil innrømme det, men når alt kjem til alt, så er vi i same båt. MS Sogn og Fjordane.
 

Fylket er over 250 år.Sjølv nærmar eg meg berre 30. Men det er nesten 30 år som sogn og fjording. Å slutte å seie at eg kjem herifrå, er berre heilt utenkeleg. Dei kan stryke Sogn og Fjordane frå kartet, men ikkje frå hjartet.

 

For her har vi faktisk det meste vi treng. Her har vi vener og kjende i fleng. Her er det nok å gjere. Her har vi lyst å vere.

Artikkeltags