– Han viste oss kassa, då skjøna vi at vi hadde funne vår mann

JAM: Jørn-Lasse Førde Resfnes fann bokstaveleg talt tonen med dei moldvske musikarane då han budde i Moldova i fjor. Fredag og laurdag skal dei halde konsert i Bremanger og Florø. Her øvar dei i stova til Førde Refsnes på Kleiva.

JAM: Jørn-Lasse Førde Resfnes fann bokstaveleg talt tonen med dei moldvske musikarane då han budde i Moldova i fjor. Fredag og laurdag skal dei halde konsert i Bremanger og Florø. Her øvar dei i stova til Førde Refsnes på Kleiva. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det var faktisk på innpakninga av utstyret at Django Club-gutane i Moldova kjende att ein av sine eigne.

Jørn-Lasse Førde Refsnes har denne veka besøk av to musikarkameratar ifrå Moldova. Fredag skal trioen halde konsert på Havly i Bremanger og laurdag i speilsalen på Florø samfunnshus.

Men grunnen for at trioen er samla, starta i fjor sommar.

Rådgjevar

Førde Refsnes budde i Chisinau i 2016 der han var rådgjevar for politidirektoratet sitt bistandsprosjekt mot justissektoren (Norlam) i Moldova.

I samband med ei tilstelling i regi av Norlam vart eit band med musikarar frå musikkonservatoriet i byen, hyra inn for å spele.

Musikaren Igor Socican underviser ved konservatoriet i Chisinau og var bassist i det innleigde bandet. Han vart spurt under konserten kva låtar dei spelte.

– Eg spurde kvifor ville dei vite det? Då svarte ein av oppdragsgjevarane at det var ein av dei norske rådgjevarane i Norlam som kunne vere interessert i å vere med å spele.

– Kven trur dei vi er?

– Eg vart først litt fornærma. Trudde dei vi var eit slags karaoke-band der ein eller anna dilettant berre kunne hive seg med? fortel Igor Socican som ikkje viste kva florøværingen stod for musikalsk.

Førde Refsnes var i Moldova i eitt år og tre månader i Norlam-prosjektet der også florøværingane Bjørn Larsen, jurist, og Willy Giil frå kriminalomsorga har vore engasjert i lengre periodar.

Då musikk alltid har vore meir enn ein hobby Førde Refsnes, tok han med seg gitaren på flyttelasset til Moldova. Gitaren er ein populært kalla «Django-gitar» inspirert av Selmer-originalen den franske gitarguden Django Reinhardt nytta. At han tok med seg instrumentet sitt angra han ikkje på då han fekk høyre musikarane som var invitert til Norlam-arrangementet denne kvelden i fjor sommar. For dette ville han vere del av. 

Eg må vedgå vi først vart litt fornærma. Trudde dei vi var eit slags karaoke-band der ein eller anna dilettant berre kunne hive seg med?

Igor Socican, musikar og musikklærar

Dei moldovske musikarane var naturleg nok avventande då den norske fyren gjekk for å hente gitaren sin.

– Eg huska eg lyste opp allereie då eg såg gitarkassa han hadde med seg. Då skjøna eg at dette er ein mann vi kunne kommunisere med, seier Socican og humrar.

For i kassa hadde Refsnes ein stålstrengsgitar av rette typen. Då han tok til å spele på gitaren var dei moldovske musikarane selde. No skulle det ikkje ta lang tid før han gjekk frå å vere gjesteartist til å vere fast medlem i bandet.

Då det eine bandmedlemmen Igor Kosjolian flytta med familien til Tyskland, tok florøværingen over som gitarist i bandet. Dei skulle ta fleire spelejobbar i lag i Chisinau.

TRIO: Jørn-Lasse Førde Resfnes t.h og dei moldovske musikarane: Andrei Moroz t.v. og Igor Socican er denne veka samla i Florø.

TRIO: Jørn-Lasse Førde Resfnes t.h og dei moldovske musikarane: Andrei Moroz t.v. og Igor Socican er denne veka samla i Florø.

I Norge

Allereie i vår, då Førde-Refsnes visste engasjementet i Norlam var ferdig, planla dei turen til Florø. Og som alle musikarar treng dei ei scene. Fredag speler dei på Havly. Her har dei med seg Grete Berntzen og Jim Steven Igland på vokal.  Laurdag er det i speilsalen på Flora samfunnshus trioen skal utfolde seg. Og her er det Annika Bremnes og Janne Linn Myren som skal synge.  

Etter konserten blir det hyttetur til Ålfoten med fisketurar for trioen. For bygutane frå Chisinau var begge klare på at dei ville oppleve mest mogleg av den norske naturen medan dei er her på Vestlandet.     

Artikkeltags