Allereie før planlegginga er ferdig, har sjukehusutbygginga i Førde blitt 200 mill. dyrare

foto: arki v

foto: arki v

Artikkelen er over 1 år gammel

Det viser sakspapira til Helse Førde sitt styremøte denne veka.

DEL

Sentralsjukehuset i Førde skal byggast ut og fornyast, eit prosjekt det har vore jobba med i fleire år. Utbygginga er planlagt å koste rundt 1,5 milliardar kroner.

Detaljplanlegging med arkitekt er no i gang, og arkitekten har nyleg hatt ein møterunde med seks ulike arbeidsgrupper som representerer heile sjukehuset.

Arbeidet viser allereie no at byggeprosjektet vil bli vesentleg dyrare enn planlagt.

- Kostnadsestimat syner at omfanget som no ligg i prosjektet ligg ca 200 millionar over vårt styringsmål for prosjektet. Uavklart driftsmodell for framtidig akuttmottak kan seinke framdrifta, slik at planen ikkje kan haldast.

Slik vart saka oppsummert til styret denne veka.

Helse Førde skal no sjå på korleis ein kan redusere kostnader og sikre framdrifta i prosjektet.

Ein skal vurdere å redusere rombehovet, og omprioritere kva funksjonar som skal flyttast til nybygget.

Til dømes kan det vere ekstra kostnadskrevjande å flytte intensiv og tung overvaking over i eit nybygg, så Helse Førde vil sjå på om desse funksjonane kan utvidast der dei ligg i sjukehuset i dag.

Dette medfører i så fall at fleire operasjonsstover vert flytta ut i nybygget, men behovet for bygging av nytt areal blir redusert.

Forprosjektet for utbygging skal ferdigstillast frå arkitekten si side før sommarferien i år, og det er planlagt investeringsavgjerd i Helse Førde sitt styremøte i oktober 2018.

Artikkeltags