– Når du tenker på Oslo, du blir jo berre trist, sant? Det er ei kjensle av tungsinn som strøymer gjennom kroppen når tanken på Oslo dukkar opp i hovudet.
Det seier Magnus B. Nygaard, som saman med Truls-Einar Johnsen er gjest i denne vekas Firdaposten-podcast. Her er temaet lokalpatriotisme, tilhøyregheit og patriotisme, og Magnus er ikkje spesielt glad i Oslo. Han innrømmer at som bergensar er han ikkje spesielt glad i verken trønderar eller siddisar. Truls-Einar er nordlending og misliker alle sør for Brønnøysund.
Magnus har flytta til Florø frå Bergen, og saknar bogekorps, og vurderer å starte sitt eiga bogekorps-lag her i Florø. Truls-Einar er nok litt meir ambivalent til akkurat den ideen.
Og korleis er det for innflyttarar å møte Kjippen for første gong?
Elles er det som vanleg mykje snakk om alt som måtte ramle panelet inn i hovudet. Fiskebollar frå Vesterålen, tomatar frå Italia og enno lenger sør. Bli kjend-kveld på Vesle Kinn og mykje anna.
Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester. I tillegg til at du sjølvsagt kan høyre den akkurat her: