Kjøpt avbestillingsforsikring til flyreisa? Det kan vere bortkasta.

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Avbestillingsforsikring er nemleg heilt unødvendig dersom du har ei reiseforsikring.

DEL

I ei pressemelding skriv Tryg Forsikring viser at dryge 30 prosent av oss har reiseforsikring. Men likevel takkar svært mange ja til avbestillingsforsikring når dei tingar flyreisa. Tilbod om slik avbestillingsforsikring dukkar som regel opp når du tingar flyturen på nett, og den kostar sjølvsagt pengar.

– Det er lett å bli forvirra av flyselskap og reiseoperatørar som gjerne vil selje deg ei avbestillingsforsikring når du kjøper ei reise på nett. Men du treng ikkje betale for meir enn du treng. Har du ei vanleg reiseforsikring er avbestilling allereie dekka. Turoperatørane sine reiseforsikringar dekkjer vanlegvis det same som din eigen reiseforsikring, seier Espen Opedal, leiar for Tryg Forsikring i Norge.

Han er overraska over at mange tilsynelatande ikkje heilt har oversikt over kva ein avbestillingsforsikring dekkjer.

– At du har ein avbestillingsforsikring tyder ikkje at du kan avbestille ei reise fordi du ikkje føler for å reise eller har ombestemt deg, og så få pengane tilbake. For å avbestille ei reise og få utlegga dekka på forsikringa, er det sjukdom med legeerklæring som gjeld. Alvorleg sjukdom i nær familie kan også vere gyldig grunn, legg Opedal til.

Dette gjør du hvis du må avbestille reisen:

  • Kontakt hotellet/flyselskapet/reisebyrået så snart du veit at du ikkje kan reise.
  • Avklar om du har rett til å få igjen noko av pengane frå fly, hotell eller reisebyrå. Reiseforsikringa erstattar ikkje det du kan få igjen av reisearrangøren.
  • Få attest frå lege med stadfesting om at reisa ikkje kan gjennomførast på grunn av akutt sjukdom.
  • Kontakt ditt forsikringsselskap. Ofte kan du fylle ut skademelding på nettet.

Artikkeltags