Renta for eit bustadlån bør liggje på rundt 1,5 til 1,6 prosent, meiner Forbrukarrådet. Betaler du over 2 prosent, bør du forhandle med banken eller byte bank.
– Det er ikkje alltid ein når fram, så då må du vere førebudd på å byte bank, seier fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukarrådet til Nettavisen.
Han har forståing for at bankane ikkje har sett ned bustadlånsrenta til 1 prosent.
– Men eg vil seie at for eit godt sikra bustadlån bør renta vere ned mot 1,5-1,6 prosent, og det går vel an å få under det òg. Betaler du over 2 prosent, har du ikkje fått den beste avtalen til banken, seier han.
(©NPK)