Sjekk og sløkk – det er orda du må huske: 1 av 5 hugsar ikkje når dei kjøpte adventsstaken sin

Denne adventsstaken begynte å brenne om natten. Det tok også fyr i gardinene, forteller brannekspert Øystein Øren i Frende Forsikring.

Denne adventsstaken begynte å brenne om natten. Det tok også fyr i gardinene, forteller brannekspert Øystein Øren i Frende Forsikring. Foto:

Av

JULEFEIRING: Vi brukar den same adventsstaken år etter år. Det kan vere brannfarleg.

DEL

1 av 5 hugsar ikkje når dei kjøpte adventsstaken sin. 2 av 5 seier at adventsstaken deira er meir enn fem år gammal, mens 3 av 10 som har juletrebelysning seier det same.

Tala er henta frå ei fersk undersøking som er utført av YouGov for Frende Forsikring.

I den same undersøkinga seier 18 prosent av dei som har slikt utstyr, at de ikkje hugsar sist dei kjøpte ny adventsstake, mens 11 prosent ikkje anar når dei skifta lys på juletreet.

– Om du oppbevarer julepynten trygt og riktig gjennom året kan den halde i mange år, men det er viktig at du sjekkar pynten nøye, seier brannekspert Øystein Øren i Frende Forsikring.

– Om lysestaken har velta eller julepynten har vore pakka opp og ned nokre gongar, kan leidningar bli klemde og pærer øydelagde. Utstyret kan vere skadd og brannfarleg utan at du er klar over det, påpeikar Øren.

Desember er årets travlaste månad for brannvesenet. Det brenn i nesten 50 prosent fleire bustader i julemånaden enn elles i året.

Janicke Larsen, avdelingsleiar for brannførebyggjande avdeling i Bergen brannvesen, har fleire gode råd.

– Om du hentar fram gammal julebelysning frå loftet, må du sjekke at den verkar som den skal og at det ikkje er slitasje eller kutt i leidningane. Følg alltid bruksrettleiinga for belysninga, og bruk den berre til det den er berekna for, understrekar Larsen.

La aldri leidningen gå over dørterskelen eller gjennom vindauget, slik at den kjem under press eller får brotskadar, og unngå bruk av skøyteleidningar, er klare råd frå Brannvernforeningen.

– Belysning som skal brukast utandørs må vere spesielt eigna til det. Det same gjeld for skøyteleidningar. Ein skøyteleidning for innandørs bruk kan gi straumgjennomgang, jordfeil og andre skader om den brukast ute, seier Janicke Larsen. (ANB)

Artikkeltags