Klokka 04.24 blei det slått full alarm i Førde, etter at forbipasserande oppdaga eld ved Førde ungdomsskule.

Brannmannskap kom raskt til staden og fekk kontroll på flammane, som har oppstått i søppelbøtter på to ulike stadar.

Dermed tyder mykje på at brannen er påsett.

Ifølgje Firda var den eine av bøttene det brann i, skrudd fast på ein panelvegg. Frå denne søppelbøtta hadde flammane spreidd seg til den eine veggen på skulen.

Skulen er no stengd.