November må ut!

KAN IKKJE HALDE FRAM: - November må ut, til vi finn ut kva i helsike det er som foregår, skriv Dag Nesbø Frøyen i denne vekas "For eiga rekning"

KAN IKKJE HALDE FRAM: - November må ut, til vi finn ut kva i helsike det er som foregår, skriv Dag Nesbø Frøyen i denne vekas "For eiga rekning"

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

For eiga rekning«Det er svart november, havet knuse mot strand», er opningslinja i låta «Tir na noir», og Vamp-gutane la ikkje noko imellom. Havet sildra ikkje mjukt mellom rullesteinane på dei haugalandske strendene i november. Nei. Havet knuste. Slik er november, og dette kan ikkje halde fram.

November kan ikkje sleppe til som i dag, før vi finn ut kva i helsike som eigentleg går føre seg!

For meg har alle månader gjennom året ein farge og ei kjensle. Bikkar vi nyttår går vi mot lysare tider. Marineblå januar går over i isblå februar og dei lysegrøne vårmånadene mars og april går over i gult i mai. Vi held oss i gult gjennom heile sommaren til vi kjem til oker i august, oransje i september og blodraudt i oktober. Så går lyset – og vi er, som Jan Eggum seier, på'an igjen.

Kvart einaste år kjem denne svarte november krypande og sluker alt lys. I år vart det endå mørkare enn normalt. Amerikanarane sende Trump til topps. Ein mann som ønsker å strupe demokratiet og kvele pressen. Den er rigged. Metoden han nyttar er genial og banebrytande. I dei mørke romma er kampanjen klekka ut. Skape frykt, hat og det å vise fram dei som har skulda for at dei ikkje lever betre enn dei gjer. Vi har vore vitne til den styggaste valkampen i manns minne. Vinnaren har sagt ting som blir sensurert sjølv på Fox-News og ifølge dei som reknar på slikt, vore den kandidaten som farer med mest løgn. Suverent. Men han er valt. Demokratisk. Og som han sjølv sa, han ville godta valet om han vann. Det gjorde han.

Så no er vi her i november og ber om håp for åra som kjem. Vi ventar på tsunamien frå Amerika. Putin humrar, nasjonalistane og dei med band til nazistane stormar fram og jublar. Så vi har ikkje anna val enn å følge med dei knusande novemberbølgene mot strand.

November må ut, til vi finn ut kva i helsike det er som foregår!

No er det fritt fram å gripe jentene i skrittet, gutar. Kvinner har berre å halde kjeften om herren deira gir beskjed. Avskummet skal ut. No er det kvitt overherredømme som tel. Og eg er sikker: Eg har sett teikna lenge. Månad nummer elleve. To eitt-tal kan ikkje funke i lag. Det kan berre vere eitt. Only one!

Det er tre ting som gjer til at demokratane, og då meiner eg ikkje berre dei i USA, men alle som støttar ideane om fred, fridom, likskap, skjelv i buksene over ein ny verdsorden. Det er 1: Synet på kva som er fakta. 2: Tillit til stat og system og 3: Forakta for kompromiss.

I dag er dei sosiale media hovudkjelda til informasjon i ein stadig større del av verda. I dette universet finn vi bloggarar, konspirasjonsteoretikarar og agitatorar for interesser som vil ha merksemda di, stemma di og pengane dine. Dei har løysingar på alt. Dei har medisin for lungekreft, meiner vaksinar er gift. Dei fortel deg at alt som er etablert i verda er av det vonde og fnys av påstanden at klima er blitt endra av menneska. Vi skal skrote den dyre Paris-avtalen og gi kol-regionane i verda full sysselsetting.

Vi som jobbar med journalistikk kan miste jobben om vi ikkje er pålitelege eller om vi manipulerer. Det skjer ikkje med fotballfruer, eller dei som nett-hetsar kvinner i posisjonar, jødar og negrar og/eller draps- og valdtektsmenn frå Mexico som sel narkotika. Det andre er tillit. Du må ikkje lyge. Lakmustesten er om du ville kjøpt bruktbil av vedkommande. Det tredje er kompromiss. Det er ei tru på at løysinga finnast i møtepunktet mellom interesser. Det fordrar toleranse for andre meiningar. Og det krev forståing og respekt for verdiane i demokrati, vitskap og forsking, menneskerettar og ei semje om at fred på jord er noko positivt.

Svaret er enkelt. Vi i pressa får berre begynne å blogge. Det er opp til mottakarar av informasjon å finne ut om ting stemmer eller ikkje. Det klarer vi fint nok sjølv. Skal dei ta det frå oss også? Er det freedom? Og kvifor kjøpe bruktbil? Kjøp ny! Tillit treng du heller ikkje om du har makt. Om utvida bruk av tortur og atomvåpen ikkje er innafor: Korleis skal du då få skikk på muslimane? «Nuke em if you got' em», seier no eg. Og til slutt: Kompromiss er piss. Uavgjort lissom? Feigt. Unfair.

Uansett: November har skylda. Resten av det hjernevaska pakket har rotta seg saman. Forskinga er heilt tydeleg. Eg har ikkje møtt nokon som seier noko anna. November må ut, pengane kjem i posten. Lik og del – eller så blir det waterboarding og det som verre er.

Artikkeltags