Skippertak for tak, takk

FULLSCALA: Tak over dagens kunstgrasbane på sentralidrettssenteret, og kunstgras på Furheim er svaret, skriv Dag Nesbø Frøyen i denne vekas "For eiga rekning".

FULLSCALA: Tak over dagens kunstgrasbane på sentralidrettssenteret, og kunstgras på Furheim er svaret, skriv Dag Nesbø Frøyen i denne vekas "For eiga rekning". Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

For eiga rekning

Er det noko vi skal gjere som samfunn dei neste 20–30 åra så er det å legge til rette for aktivitet. Det skal vi gjere både fordi at det vil styrke trivselen i lokalsamfunnet, og på grunn av at folkehelsa skrantar. Dette heng i hop. Blant barn og unge har det vore ei jamn auke av overvektige og det gjeld vaksne også. Faktisk er over halvparten av oss 40–45-åringar overvektige ut frå WHO sin definisjon. Folkehelseinstituttet er klar på at overvekt og fedme aukar risikoen for hjarte- og karsjukdommar og kreft i vaksen alder. Det er ulike grunnar til denne utviklinga, fortel fagfolket, men ein av dei sikre grunnane er at vi er langt meir passive og stillesitjande enn vi var før. Vi er komme dit at det er fleire overvektige enn underernærte i verda.

Så i eit folkehelseperspektiv så er vi på feil kurs. Og sjølv om dette gjeld kvar og ein av oss så kan vi som samfunn ikkje berre peike på kvar enkelt og be dei ta seg saman, om ikkje anna for folkehelsa si skuld ... Nei, vi skal legge til rette og vi skal stimulere på dei områda der aktivitet er styrt av lyst. Og det viser seg at slik aktivitet må vere under tak.

«Før i tida så ...» Vi har vel alle høyrt ifrå dei eldre som vaks opp i ei tøff tid. Sprang dei, så sprang dei ute. Dei hadde knapt sko og åt røter for å stille hungersnøden om sildefisket var magert og potetene knapt knoppa seg i den karrige jorda. Mykje kunne vi ta med ei klype salt, men ein ting skulle de ha «gamledagar-folket» dei sleit i mindre grad med inaktiv-problematikk som vi har i dag.

For ein som meiner idrettshall er svaret for å auke aktiviteten, står du open for hogg for dei som meiner du kan kle deg etter vêret og springe ut i naturen. For det kan vi, men då blir vi som samfunn ikkje meir aktive. Og det veit vi. For då ville vi gjort det heile gjengen. Og det må vere det overordna målet. Altså å bli meir aktive enn vi er i dag og då må vi trykke på dei knappane vi veit fungerer.

I Flora kommune har vi vore flinke til å legge til rette for aktivitet, men det er berre det at vi må bli mykje flinkare for å kunne møte behovet. Og hallkapasiteten er i Flora ikkje god nok. Ikkje i nærleiken av god nok. Dette skal vi også applaudere, for det betyr at det er lag og organisasjonar som ivrar i stadig større grad å halde oss i aktivitet. Det er det vi vil, og det er det vi må. Så kom med taket!

Florø barneskole sitt behov for hall er overmodent for lenge sidan. Der handlar det om å ha areal til å undervise i gym, eit fag som vi skal ta særleg omsyn til i dag. Så behovet deira for ein fleirbrukshall er ikkje vits i å diskutere eingong. Poenget er at ein fleirbrukshall til i sentrum ikkje er nok. Vi må tenke stort og vi må tenke fort skal vi legge til rette for framtida. At vi i dag ikkje finne rom for lågterskeltilbodet Friskis og Svettis etter 13 år med lågterskel-gym for alle, burde vere alarmen som går.

Konkrete tiltak er som kjent tak. Men behov for meir kapasitet og vyar for framtida må koplast i hop. For no skjer det spennande ting i Florø, og idretten i Florø må sjå verdien av å stå i lag.

For på pur dugnad og entusiasme har Florø Fotball skapt eit fotballag og ein treningskultur som har skapt nasjonal åtgaum. Tilrettelegging for denne aktiviteten har gitt resultat. Enno kan mykje gjerast for å legge til rette for fotball i Florø, og det handlar om tak.

For i dag (laurdag) når Florø og Førde møtest på Florø stadion, er det topp og botn i 2. divisjon som møtest. Eg, og mange med meg, er samde om at skilnaden mellom dei to laga på A-lagsnivået i stor grad kan tilskrivast satsinga på anlegg i Sunnfjord. Og i konkurranseidrett veit vi at det som var godt nok ein sesong, ikkje er godt nok neste. Og min påstand er: Det av dei to laga som møtest på Florø Stadion i dag som bygger full fotballhall først, får hegemoniet i Sunnfjord-fotballen, men også på andre idrettsaktivitetar dei neste 20–30 åra.

Så løysinga står for meg klar: Ein full fotballhall vil opne for minst to fulle handballbaner på Idrettssenteret der det er kunstgras under tak i dag. Fotballhallen må sjølvsagt byggast over kunstgrasbana på Sentralidrettsanlegget. Det blir det billegaste og framfor alt konfliktfritt utan nabo-strid i årevis. Taket skal berre byggast, og Furheim må dekkast av kunstgras.

Høyrest heftig ut? Kjem vi dit skal eg vedde beina mine på at det ikkje er ein time ledig i nokre av hallane.

Artikkeltags