Når skiten treff fønaren

Frisøren Merete Hodne frå Jæren meiner Islam er verre enn nazisme.

Frisøren Merete Hodne frå Jæren meiner Islam er verre enn nazisme.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

For eiga rekningGylle. Det er avføringa til kyr som spreiast ut på bøen for å fart på graset. På Jæren blir det gylla mest her i landet, og der bur frisøren Merete Hodne som no gjer eit forsøk på å spreie drit i overført betydning. I det siste har vi følgt rettsaka mot Hodne som nekta gje time til ei ung dame som kom inn i frisørsalongen hennar. Grunnen var at ho hadde på seg hijab. Frisøren vart politimeldt av 24 år gamle Malika Bayan, som ville farge håret sitt, men fekk beskjed frå frisør Hodne , at ho «ikkje ville å ta på slike som henne». Det vart ikkje uventa eit knusande nederlag i retten for Hodne, men ved å nekte å vedta førelegget og heller stille i retten, fekk ho det som ho ville. Ho fekk ein mikrofon å spreie gylle med.

Å kringkaste er det vakre, nynorske ordet for formidling ut mot store folkemassar. Merete Hodne er ekstrem i sine utsegner, og haldningane hennar sitt møte med rettsvesenet blir naturleg nok kringkasta til oss alle. Ho seier ho er villig til å døy i sin kamp mot islam og draperer seg i det norske flagget for å synleggjere at ho er norsk og forkjempar for våre verdiar. At vi eigentleg er rasistar, og at det er heilt ok.

At Hodne nektar å klyppe nokon som brukar hijab er i seg sjølv oppsiktsvekkjande. Det er også pussig då ein frisør som yrkesutøvar er av dei ytterst få som ikkje kan utføre jobben sin om kundane bruker hijab. Så slik skit må vi nok leve med, men ulukka er ikkje ute før skiten treff vifta – eller fønaren, om du vil – og massane blir mobilisert. «When the shit hits the fan» som det heiter. Her stiller den tidlegare ordføraren i Oslo, Peter N. Myhre opp som vifte. Han formidlar med overlegg når han sidestiller hijab med en nazi-uniform.

Myhre er politikar for Framstegspartiet og startar ein grumsete debatt og gir den legitimitet i kraft av sin posisjon. Han er folkevald, har lang politisk fartstid, og er tidlegare ordførar i hovudstaden, der han etterfølgde den folkekjære Albert Nordengen. Myhre nærer opp under framandfrykt ved å samanlikne eit plagg som hijab med nazisme. Ein nazist hadde heilt sikkert fått klyppe seg hos Hodne, for ho meiner jo, og vi er framleis på direkte sitat, «at Islam er mykje verre enn nazisme». Dette er ekstremt, men i kommentarfelt og debatt ikkje overraskande for tida. Haldningane derimot, dei som legitimerer tankegodset, er eg meir uroa for. Så no gyller vi ut skiten. Og grasrota vaknar til liv.

Vi kan meine mykje om hijab, at det er eit religiøst hodeplagg som undertrykkjer muslimske kvinner. Eg synest ikkje noko om det, men så har ikkje eg same kulturbakgrunn og forståing som dei som ønskjer å bruke hijab. Problemet mitt er at motstanden folk måtte ha mot slike religiøse symbol, kjem i same sausen som diskriminering. For denne debatten handlar ikkje om for- eller mot hijab.

AKP-ml hadde i si tid væpna revolusjon som programerklæring. Urovekkande nok, men dei sinte raude kruttønnene hadde heldigvis null påverknad. Frp sit derimot i regjering. Dei styrer landet. Og Myhre er ein hyklar i si samanlikning av Islam og nazisme. Og vi kan nok ikkje vente at partiformannen krev noko forklaring frå Myhre etter dette, men logisk brist i agumentasjonen bør dei likevel bli tatt på. Sylvi Listhaug i partiet er personleg kristen og viser seg stadig med ei kjede med eit kors rundt halsen. Dette er eit religiøst symbol på lik linje med ein hijab. Så om du skal følge logikken vil dei religøse symbola partikollega Listhaug nyttar vere like ille i argumentasjonen Peter N. Myhre frontar. Vi minner ikkje Listhaug på at Hitler nytta kristendommen for å få makt, og at dei kristne i Riksdagen var med på å gi han makta. Slik kunne vi, etter Myhre sin logikk, trekkje analogien vidare inn i det ekstreme. Men det gjer vi sjølvsagt ikkje.

Så kvifor er det då, i den gode samfunnsdebatten sitt namn, stovereint å diskriminere alle som bekjenner seg til religionen Islam? Er det fordi ein promille også her forklarar sine ekstreme haldningar i sine mosegrodde bøker? Ser vi over dammen til USA så fungerer slik fryktretorikk. Å stenge alle muslimar ute, til dei, som Trump seier «finn ut kva i helvete som foregår». Det er å riste på hovudet over, men urovekkjande mange skrik: «Hell Yeah!».

Så kanskje eg skal drapere meg i eit norsk flagg og vedgå at eg som nordmann finn det ekstremt ubehageleg å vere kopla til slike haldningar. Dei stinkar langt verre enn gylle.

Artikkeltags