Gå til sidens hovedinnhold

Renn over av dugnadsiver

Artikkelen er over 6 år gammel

Etter fleire år med tørke har vatnet byrja å sildre att i fontena i sentrum. Alt takka dugnadsinnsats.

Svelgen Opp og Fram med primus motor Kåre Myklebust jobbar for å skape nytt liv i sentrum. Attende i 2012 byrja dei arbeidet med å få vatnet til å sildre på nytt i fontena ved sidan av samfunnshuset, og oppgraderinga av området rundt.

Store dugnadskrefter

Bjørg H. Didriksen ved Svelgen samfunnshus fortel at det er lagt ned ein stor dugnadsinnsats i arbeidet. Dugnadsinnsatsen av Svelgen Opp og Fram har vore alfa omega for å få eit nytt og friskare sentrum. No har ei ny fontene ved samfunnshuset komme på plass, og den 07. juni vart det markert.

– Det var ei høgtidleg opning med snorklipping som det seg høyr og bør. Det blir verkeleg fint her, og det er dandert med blomar omkring i sentrum og på dei nye lyktestolpane.

Fornyar samfunnshuset

Også samfunnshuset får eit løft, der storkjøkkenet og toaletta er totalrenoverte og ein ny scenerigg er under montering.

– Samfunnshuset har vore drifta på dugnad sidan 2009 og vi kjempar for kvar krone, seier ho.

– Dette hadde ikkje skjedd utan pengegåver og stor dugnadsinnsats for å drifte huset, seier Didriksen.

Kommentarer til denne saken