Heile 50,9 % av innbyggjarane i Sogn og Fjordane vil ha gjenoppretta fylket vår. Det viste ei meiningsmåling i februar. 37,2 % ville at Vestland skulle vidareførast, medan 11,9 % var usikre.

Både Raudt, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har gått inn for folkerøysting slik at valet mellom gjenoppretting og samanslåing har blitt opplyst som i andre samanslåtte fylke. Desse tre partia har, kvar på sitt vis og saman, arbeidd for dette.

Ei folkerøysting ville, etter det meste å døme, vist eit solid fleirtal for Sogn og Fjordane som eige fylke. Dersom meiningsmålinga i februar hadde vore ei folkerøysting, ville den vist eit resultat på 58 % for gjenoppretting av Sogn og Fjordane og 42 % for å halde fram i Vestland.

Folkeviljen er, utifrå meiningsmålingane, mest truleg oppløysing av Vestland fylke. Fleirtalet av partia, dvs. dei partia som vil halde på Vestland fylke, må truleg basere standpunktet sitt på eitt av to: Anten at folkefleirtalet ikkje veit sitt eige beste (og at partia derfor må overkøyre fleirtalet). Eller at ei folkerøysting ville vist ja til samanslåing (og derfor er unødvendig).

Motviljen i Vestland fylkesting er urovekkjande. På fylkestingsmøtet i mars stemte 54 (83 %) av 65 fylkestingsrepresentantar mot folkerøysting. Det hadde tent Vestland fylkesting til ære om representantane samla hadde våga å sleppe til ei rådgjevande folkerøysting som «dommar». Det gjorde dei ikkje, og då blir meiningsmålingane sin dokumenterte folkevilje møtt med motvilje.

Dette skjer trass i at dåverande Sogn og Fjordane sitt fylkesting sine vilkår for samanslåing ikkje er oppfylte. Dåverande Sogn og Fjordane fylkesting, der Jenny Følling frå Senterpartiet var fylkesordførar, blir skulda for å ha lurt oss inn Vestland-konstruksjonen.

Med sin motvilje mot folkerøysting, kan ein spørje seg om Følling ikkje respekterer folkeviljen. Ho etterlever heller ikkje årsmøte-vedtaket i Senterpartiet om folkerøysting, men Følling er i det minste konsekvent.