Gå til sidens hovedinnhold

Folkevald fekk bursdag øydelagt av islandsk linjedommar

Etter at førre vekes gjest skapte lyttarboom blant yrkesgruppa ansvarlege for nasjonens neste babyboom, må Kristian og Benjamin denne veka stå på eigne bein.

Benjamin tar opp kampen med Hove om å vere Florøs Yaya Touré, når han lager oppstandelse rundt manglande merksemd på bursdagen sin. Kristian har debutert som podcastgjest, Cirkus Brann har fått inn nye menn i manesjen, dommarstanden i Premier League fortset å forbause, og lokalpolitikarane får skreve på passet sitt

I tillegg til dette, returnerer dei semi-faste spaltene: Pokalen og Fantasy-ligaen.

Podcasten høyrer du her:

Du kan også finne både denne og eldre episodar på andre oppsamlingsplassar for podcastar. Som til dømes her på Spotify:

Sjekk gjerne også Quizosiadote

Kommentarer til denne saken