Folketalet held fram å gå ned

Folketalet på kysten går ned. Her frå 17. mai-feiringa i Kalvåg.

Folketalet på kysten går ned. Her frå 17. mai-feiringa i Kalvåg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I løpet av første kvartal mista Flora 44 innbyggarar, mens Bremanger mista 11. Vågsøy hadde ein liten vekst, på seks personar.

DEL

Tysdag kom oppdaterte tal for befolkningsveksten i første kvartal 2018, og det er ikkje spesielt lystig lesnad for Sogn og Fjordane sin del.

Fylket totalt sett mista 161 innbyggarar, og vi er no 110.069 personar i Sogn og Fjordane, melder Statistisk sentralbyrå.

Flora var den kommunen som gjekk mest tilbake, med -44. Det bur no 11.944 personar her.

Flora hadde både fødselsunderskot, med -5, i tillegg til at 116 personar flytta frå kommunen, 16 av desse til utlandet. 77 personar flytta inn i same periode.

Bremanger mista 11 innbyggarar. Kommunen hadde eit fødselsunderskot på -3, og nettoinnflytting på -8, og har no 3756 innbyggarar.

– Gledeleg auke

Samstundes hadde Vågsøy ein auke i sitt folketal.

– Etter fleire kvartal med nedgang i folketalet peikar pila endeleg i rett retning! Vågsøy auka med seks innbyggjarar sidan førre kvartal, og har no eit folketal på 6007. Tala viser også ei nettoinnflytting på +10, fortel Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

– Dette er svært hyggeleg å sjå, og vi må prioritere arbeidet med å synleggjere Vågsøy som ein attraktiv kommune å flytte til. Tala kan også tyde på at lokalt næringsliv går godt og at dei tilset nye folk, seier Maurstad. 

Kvifor er folketalet viktig?

Folketalet i kommunane avgjer kor mykje inntekter ein får. Både i direkte rammetilskot frå staten, og i skatteinntekter frå innbyggarane.

Om lag 32,3 prosent av ein kommune sine inntekter er direkte innbyggartilskot frå staten.

Nedgang i mange kommunar

Mange av kommunane i fylket hadde nedgang i folketalet i første kvartal. Her er nokre av tala:

Gulen: 2.313 innbyggarar (- 32)

Solund: 806 (-1)

Lærdal: 2.140 (-13)

Årdal: 5.261 (-16)

Askvoll: 3.031 (-21)

Fjaler: 2.821 (-25)

Gaular: 2.995 (-11)

Naustdal: 2.800 (-25)

Gloppen: 5.863 (-11)

Førde: 13.099 (+10)

Jølster: 3.053 (+10)

Sogndal: 8.064 (+5)

Hyllestad: 1382 (+4)

Høyanger: 4.155 (+1)

Artikkeltags