Vi mista over 150 innbyggarar i fjor

Frå Sildebordet i 2002.

Frå Sildebordet i 2002. Foto:

Folketalet i Flora gjekk ned med heile 136 personar i løpet av 2018, og i Vågsøy gjekkinnbyggartalet ned med 31.

DEL

Mens Sogndal og nye Sunnfjord kommune opplever folkevekst, om enn i liten skala, ser det annleis ut på kysten av Sogn og Fjordane.

Fredag offentleggjorde Statistisk sentralbyrå oppdaterte befolkningstal, som viser at folketalet i Flora gjekk frå 11.988 til 11.852 i løpet av det siste året. Det er ein nedgang på 136 personar, eller - 1,1 prosent.

Flora var i ein kort periode i 2017 akkurat over 12.000 innbyggarar, men sidan den gong har folketalet gått sakte nedover.

Mindre innvandring og færre fødslar er noko av årsaka, noko ein også ser på folketalsutviklinga i heile landet.

Vågsøy sitt folketal går også nedover, frå 6.001 til 5.970 (-31), og Bremanger sitt frå 3.767 til 3.705 (-62).

Eid og Selje hadde også nedgang, og har høvesvis 6.151 (-6) og 2.747 (10) innbyggarar.

Vekst i Sogn

I Sogndal derimot, er der ein folkevekst på 132 personar, til 8.191. Også Balestrand aukar, med 17 personar til 1.279 innbyggarar.

I nye Sunnfjord kommune er det også vekst, om enn ikkje så høg. Førde aukar med tre innbyggarar til 13.092, Jølster med fire til 3.047 og Gaular med 21 til 3.027 personar.

Nedgang i fylket

Samla sett mista fylket 456 innbyggarar i 2018. Totalt er det no 109.774 sogningar og fjordingar, i fylket sitt siste sjølvstendige år.

At folketalet går ned, har stor betydning for inntekta til kommunane. Delar av inntektene frå staten er knytta til folketal, og alderssamansetting på innbyggarane. Går folketalet ned, får ein mindre pengar til skule, barnehage og eldreomsorg.

Artikkeltags