Nedgangen i folketalet held fram

I siste kvartal mista Bremanger 49 innbyggarar, og Flora 28. Men Vågsøy kan notere seg auke i innbyggjartalet.

DEL

I siste kvartal mista Bremanger 49 innbyggarar, og det bur no totalt 3.635 personar i kommunen. Bremanger har eit negativt fødselsoverskot på -9. Det vart fødd sju barn, samstundes som det døydde 16 personar i perioden.

I tillegg var det 64 personar som flytta frå kommunen i dette kvartalet. 25 personar flytta til Bremanger kommune, åtte av desse frå utlandet. Det viser dei siste befolkningstala frå Statistisk sentralbyrå.

I Flora gjekk folketalet ned med 28, til 11.822. Samstundes kom 27 nye floraværingar til verda det siste kvartalet, mens 28 personar døydde.

125 personar kom flyttande til kommunen, 20 av desse frå utlandet. Men 152 flytta frå Flora, seks av desse til utlandet.

Ser ein året under eitt, har Flora så langt mista 30 innbyggarar.

Pluss i Vågsøy

Berre Vågsøy i vårt område kan notere seg grøne tal, med ein innbyggar i pluss. Totalt 5.937 bur i Vågsøy kommune no.

Ti nye vågsøyværingar kom til verda i siste kvartal, mens 11 gjekk ut av tida. Så var det to fleire som flytta til kommunen enn frå, totalt blir det då ein person i pluss når ein trekker frå fødselsunderskotet på -1.

Sogn og Fjordane fylke mista heile 226 innbyggarar totalt i perioden. Vi er no 109.531 innbyggarar i fylket.

Førde hadde ein liten auke på to personar, til 13.163. Eid auka med seks personar, til 6.194.

Sogndal hadde desidert mest vekst, med heile 91 nye innbyggarar siste kvartal.


Artikkeltags