Folketalet på kysten går ned - Bremanger har mista 80 innbyggarar

Artikkelen er over 1 år gammel

I fjord mista Bremanger 80 innbyggarar, Vågsøy vart 30 færre, og Flora sitt folketal gjekk ned med 11.

DEL

Mens Sogndal auka sitt folketal med 118, Eid med 93 personar, og Førde med 80, så vart det færre innbyggarar på kysten av Sogn og Fjordane.

Bremanger mista heile 80 innbyggarar, og var 1. januar 3.767 personar. Vågsøy var 6.001, med ein nedgang på 30, og Flora har mista 11 innbyggarar, og er no 11.988.

  • Sjå tabell nederst i saka

Fødselsoverskot i Flora

I Flora vart det fødd 111 nye verdsborgarar i 2017, men samstundes døydde 84 innbyggarar. Det gav eit fødselsoveskot på 27 personar i fjor.

Samstundes flytta heile 448 personar til kommunen. 169 av desse flytta frå utlandet til Flora kommune.  Men 485 personar flytta frå Flora, 66 av desse til utlandet.

I Bremanger vart det berre fødd 20, mens 52 døydde. Det gir eit negativt fødselsoversjot på -32.

I Vågsøy vart det fødd 58 nye barn, mens 52 personar gjekk ut av tida, eit fødselsoversjot på seks personar.

Eid i vekst

Eid er ein av vekstkommunane i fylket, og har hatt folkevekst i ni kvartal på rad, fortel ordførar Alfred Bjørlo (V).

Folketalsauken i Eid i 2017 kjem både av fødselsoverskot, netto innflytting frå utlandet og netto innflytting frå andre kommuner i Noreg. 

Bjørlo meiner det er bevisst satsing som gjer at dei får stadig fleire innbyggarar.

- Den sterke folketalsveksten i Eid dei siste åra syner at det er råd å skape vekst, optimisme og attraktive stader å bu også i distrikts-Noreg, seier ordførar Bjørlo (V).

- Eid har satsa sterkt på sentrumsutvikling, bustadbygging, gode skular og oppvekstvilkår for born. Vi har også lagt vekt på tett samarbeid med næringslivet, slik at kommunale vekst-strategiar og utvikling som skaper nye arbeidsplassar går hand i hand.

Folketalsauken i Førde kjem frå eit høgt fødselsoverskot. 163 nye førdianarar kom til verda i 2017, mens 66 personar døydde. Det gir eit fødselsoverskot på 97 personar. Nettoinnflyttinga gjekk i minus, med -18 innbyggarar.

Kvifor er folketalet viktig?

Folketalet i kommunane avgjer kor mykje inntekter ein får. Både i direkte rammetilskot frå staten, og i skatteinntekter frå innbyggarane.

Om lag 32,3 prosent av ein kommune sine inntekter er direkte innbyggartilskot frå staten.

KMD Finansiering av kommunene [Recovered]

KMD Finansiering av kommunene [Recovered]

Folkemengd 1. januar

2017

2018

Folkevekst i %, 2017-18

14 Sogn og Fjordane

110266

110230

0

1401 Flora

11999

11988

-0,1

1438 Bremanger

3847

3767

-2,1

1439 Vågsøy

6031

6001

-0,5

1432 Førde

13009

13089

0,6

1433 Naustdal

2848

2825

-0,8

1441 Selje

2791

2757

-1,2

1443 Eid

6064

6157

1,5

1411 Gulen

2371

2345

-1,1

1412 Solund

794

807

1,6

1413 Hyllestad

1438

1378

-4,2

1416 Høyanger

4190

4154

-0,9

1417 Vik

2722

2674

-1,8

1418 Balestrand

1288

1262

-2

1419 Leikanger

2332

2345

0,6

1420 Sogndal

7941

8059

1,5

1421 Aurland

1787

1778

-0,5

1422 Lærdal

2159

2153

-0,3

1424 Årdal

5363

5277

-1,6

1426 Luster

5151

5223

1,4

1428 Askvoll

3065

3052

-0,4

1429 Fjaler

2862

2846

-0,6

1430 Gaular

2966

3006

1,3

1431 Jølster

3049

3043

-0,2

1444 Hornindal

1198

1175

-1,9

1445 Gloppen

5783

5874

1,6

1449 Stryn

7218

7195

-0,3

Artikkeltags