Folkehelseinstituttet: R-talet er tett på 1

USIKKERT: R-talet i Norge ligg på vippepunktet. – Vi er nok i eit grenseland. Det er stabile tal, det går ikkje vidare ned, seier Espen Nakstad. Illustrasjonsfoto.

USIKKERT: R-talet i Norge ligg på vippepunktet. – Vi er nok i eit grenseland. Det er stabile tal, det går ikkje vidare ned, seier Espen Nakstad. Illustrasjonsfoto. Foto:

Av
DEL

(Firda) Folkehelseinstituttet (FHI) bereknar at reproduksjonstalet, som måler kor mange éin koronasmitta smittar vidare, er tett på 1 – men sannsynlegvis lågare.

– Samla sett viser modellane ein situasjon dei seinaste vekene der reproduksjonstalet er tett på 1, mest sannsynleg under 1, skriv FHI i den siste vekerapporten sin.

Sjansen for at talet er over 1, blir berekna til mellom 15 og 20 prosent i ein av modellane FHI brukar.

Etter kvart som talet på nye koronasmitta og sjukehusinnlagde med covid-19 har rasa, har det vorte stadig vanskelegare å berekne smittetalet nøyaktig.

FHI lener seg derfor på fleire modellar.

– I ein slik situasjon vil eit lokalt utbrot kunne ha stor effekt på reproduksjonstalet. Det er derfor særleg viktig å vurdere smittesituasjonen med bruk av fleire datakjelder og indikatorar, skriv FHI.

Stabilt

Den siste utrekninga går ut på at epidemien er i ein stabil fase og at nedgangen i smittetilfelle sannsynlegvis vil halde fram.

– Modellen forventar 0–7 innleggingar på sjukehus per dag dei neste vekene, medan talet på innlagde pasientar vil falle svakt eller bli stabilisert i vekene framover. Om tre veker blir det forventa 13 innlagde pasientar. Ein stabil aukande tendens på nyinnleggingar i dei kommande vekene vil gi eit signal om at reproduksjonstalet veks, skriv FHI.

I vekene fram til slutten av juni estimerte FHI at smittetalet låg på rundt 0,7. Dermed inneber den nye samla vurderinga, med eit r-tal på rundt 1, eit hopp.

Dette kan ha samanheng med FHI lener seg på fleire modellar for å rekne ut talet.

Meir sensitiv

I den nye vekerapporten blir det beskrive ein ny metode kalla Sequential Monte Carlo for å berekne r-talet. Denne er under utvikling hos Folkehelseinstituttet.

– Denne nye metoden er meir sensitiv til å oppdage endringar i smittetalet, skriv FHI.

Til liks med metoden som er brukt fram til no, baserer han seg på talet på sjukehusinnleggingar.

Uvisse

Grafen for denne nye utrekninga viser at R-talet har svinga ein del etter at det kom under 1 i slutten av mars. I starten av juni låg det faktisk eit godt stykke over 1, før det igjen fall til godt under 1 mot slutten av juni.

– Denne nye analysen med daglege estimat viser stort sett same biletet av utviklinga i reproduksjonstalet som modellen med periodiske estimat: ein rask nedgang i mars og så relativt stabilt i april og mai, heiter det i rapporten.

Det blir understreka at det er veldig stor uvisse knytt til estimata dei to siste vekene.

FHI lagar òg utrekningar av R-talet basert på stadfesta smittetilfelle. Også der er r-talet for tida tett på 1, fordi talet på nye smitta har stabilisert seg dei siste vekene.

Nakstad: – Balansepunkt

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad understreka òg i eit intervju med NRK onsdag morgon at R-talet ser ut til å liggje stabilt rundt 1.

– Vi er nok i eit grenseland. Det er stabile tal, det går ikkje vidare ned, det går heller ikkje opp, og det vil seie at vi kanskje er på eit balansepunkt akkurat no, seier Nakstad.

Han understrekar at ingen veit heilt kor grensene går.

– Når vi ser på kva som har skjedd ute i den store verda, så er det klart at når folk ikkje følgjer reglane i det heile, går reproduksjonstalet over 1 – ikkje held avstand, klemmer kvarandre, går på jobb viss dei er sjuke. Då byrjar viruset å spreie seg.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken