Ho vil at du skal gjere ein god investering i eiga helse

Kari Liseth leiar ved Flora Helsestasjon

Kari Liseth leiar ved Flora Helsestasjon Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Florø-kvinnene er flinkare enn gjennomsnittet til å vaksinerre seg mot HPV, men Kari Liseth vil ha enda fleire inn på kontoret.

DEL

Alle norske 12 år gamle jenter har sidan 2009 fått tilbod om å ta vaksine mot HPV-infeksjon. Det har ført til at vaksinasjonsgraden er oppe i godt over 80 prosent for dei som har vore omfatta av barnevaksinasjonsprogrammet. For å fange opp dei unge kvinnene som vaks opp før vaksinen vart tatt inn i barnevaksinasjonsprogrammet vart det i november i fjor dratt i gang eit innhentingsprosjekt der vaksinen vart tilbydd gratis til kvinner født mellom 1991 og 1996. Dette er eit toårig prosjekt, og etter at det første året er unnagjort er vaksinasjonsgraden i aldersgruppa for heile landet på 37,8 prosent.

God investering

I Bremanger er dekningsgraden omtrent på landsgjennomsnittet, med 37,9 prosent, medan Flora ligg eit stykke over. 45,5 prosent av kvinnene i denne aldersgruppa har vaksinert seg. Kari Liseth er leiar ved Helsestasjonen i Flora. Ho er godt nøgd med Flora-kvinnene, men håper at enda fleire vil nytte seg av tilbodet i det året som står att av ordninga.

– Dette er ei god investering i eiga helse. Det er eit svært godt tilbod. Det er snakk om tre dosar, og det er ganske dyre vaksinar dette her. No er dei derimot gratis i eitt år til.

Liseth seier at dei som ønsker å ta vaksinen må ta kontakt med Helsestasjonen. Informasjon skal vere lett tilgjengeleg på kommunen sine heimesider, dei kan bruke Facebook, eller rett og slett berre ringe. Dei har sette av ein dag i romjula til vaksinering, nærmare bestemt den 28 desember, og vil også bruke 2 januar til same formål.

– Vi ønsker å fange opp dei som er heime på juleferie. Og vi er fleksible. Om ingen av dagane passar for deg, er det berre å ta kontakt så finn vi ein annan dag.

– Må dei bestille time, eller kan dei berre droppe innom?

– Dei må bestille time. Rett og slett berre for å sikre at vi har nok vaksinar på lager.

HPV-viruset

Humant Papilloma Virus, HPV, er det vanlegaste av seksuelt overførbare virus og gir infeksjon i hud og slimhinner.

Det fins totalt meir enn 100 ulike typar HPV.

12 av dei kan knytast til utvikling av kreft.

Dei to vanlegaste kreftframkallande typane HPV er 16 og 18.

Den vanlegaste krefttypen som kan oppstå frå HPV er livmorhalskreft, men også kreft i ytre kjønnsorgan hos kvinner, og i endetarmen hos begge kjønn. Kreft i penis og i munnhole/svlelg kan ha samanheng med HPV-infeksjon.

I Norge vart vaksinen mot HPV innført i barnevaksinasjonsprogrammet i 2009 og over 80 prosent av jentene i desse årskulla er vaksinerte.

Vaksinen består av tre dosar som vert gjevne innanfor eit tidsrom på 6-12 månader. Det betyr at dersom du skal få gratis vaksine, må du ha påbegynt vaksineringa innan utgongen av 2018.

Sjølv om ein har tatt vaksinen, er det viktig at ein følgjer livmorhalsprogrammet med celleprøver frå livmorhalsen kvart 3. år.

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Dør av sjukdommen

Nesten alle tilfelle av livmorhalskreft skyldast HPV. Det er eit svært vanleg virus, som smittar ved seksuell kontakt. Heile 70 prosent av alle som er seksuelt aktive blir smitta av HPV i løpet av livet ifølge Folkehelseinstituttet. Ein norsk undersøking viste at 45 prosent av kvinner i 21-årsalderen hadde ein pågåande HPV-infeksjon. Dei fleste gjer ingen symptom, og går over av seg sjølv. Det er likevel rundt 10 prosent som får ein langvarig infeksjon som kan føre til celleforandringar i livmorhalsen som på langt sikt kan utvikle seg til livmorhalskreft.

Kvart år er det rundt 3000 norske kvinner som opererast for alvorlege celleforandringar i livmorhalsen. 300 kvinner får livmorhalskreft, og 70 dør av sjukdommen. Dei som overlever får langvarige plager av kreftbehandlinga, framleis ifølge Folkehelseinstituttet. Likevel er det nokre som er skeptiske til vaksinen. Det er det ikkje nokon grunn til, seier Kari Liseth.

– Rapportar frå folkehelsa viser at det er veldig lite biverknadar. Sett opp mot gevinsten er det ikkje tvil om det er rett å anbefale vaksinen.

– Vi i media må kanskje ta litt av skulda for skepsisen. Det har vore hevda at vaksinen gjer kreft, og eg ser at VG denne veka har ei sak om ei jente som hevdar ho har fått ME etter å ha tatt HPV-vaksinen, men det er ikkje dokumentert at det er nokon samanheng mellom HPV-vaksinen og alvorlege sjukdommar?

– Nei, nokon slik samanheng har dei ikkje klart å dokumentere. Det blir antakelser. Vi må halde oss til det som er dokumentert, og alle rapportar visar at dette er ein vaksine som gjer veldig lite biverknader.

Artikkeltags