– Folk må førebu seg på at tiltaka held fram neste veke

Helse- og omsorgsminister Bent Høie
Foto: Jil Yngland / NTB

Helse- og omsorgsminister Bent Høie Foto: Jil Yngland / NTB Foto:

Av
DEL

Befolkninga må vere førebudd på at dei strenge koronatiltaka kan bli vidareførte etter denne perioden, som varer til og med førstkommande tysdag.

– Smitten ligg på eit nivå der risikoen for nye utbrot framleis er høg, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen på onsdag.

Han viste til den alvorlege situasjonen i mange andre land i Europa, der både smittetal og dødstal når stadig nye dystre rekordar. Landa fryktar òg at det blir bli endå verre i vekene som kjem.

– Vi må hindre at vi kjem i den same situasjonen. Vi veit lite om kor mykje kvart enkelt tiltak verkar isolert sett, og vi må vurdere tiltaka samla, ikkje kvar for seg, sa Høie, som sa folk må førebu seg på at dei strenge tiltaka òg held fram utover tysdag.

Han er spesielt bekymra for at dei smittsame utanlandske mutasjonane aukar risikoen for spreiing her i landet.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken