Gå til sidens hovedinnhold

Folk kuttar feriebudsjettet kraftig

ØKONOMI: I snitt planlegg nordmenn å bruke 16.000 mindre på ferie i år, viser Virke Reiseliv si undersøking.

– Overnattingsstader, aktivitets- og opplevingsaktørar landet over står no klare til å ta imot norske gjestar. Dei er moglegheighetsorienterte, men det er ikkje til å komme unna at det blir ein tøff sommar og eit tøft år for reiselivsnæringa. At folk kuttar i eige feriebudsjett understrekar dette, seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv.

Feriebudsjettet har aldri vore lågare

64 prosent planlegg å ta sommarferie i år, noko som er ein nedgang på 6 prosentpoeng samanlikna med desember, og det lågaste talet Virke har registrert sidan undersøkinga første gang blei gjennomført i 2012. Også feriebudsjettet er det lågaste Virke nokon gang har registrert. Gjennomsnittshusstanden planlegg å bruke 27.050 kroner på ferie i 2020. Til samanlikning planla norske husstandar å bruke 43.050 kroner då dei blei spurde i desember 2019.

– Samtidig melder fleire aktørar om at det begynner å komme inn bookingar frå norske gjestar. Det finst heldigvis lyspunkt i ei elles mørk tid for reiselivsnæringa, seier Bergmål.

Gjer ikkje opp for utanlandsturismen

Virke meiner det er positivt at fleire ser ut til å planlegge ferie i eige land, men meiner talet er for lågt til å kunne dekke opp for alle dei utanlandske turistane som no blir borte som følge av reiserestriksjonar.

– Vi er uroa over at mange aktørar ikkje vil klare seg. Mange lever av sommarsesongen åleine, har små marginar og er avhengige av internasjonale gjestar. Mange av desse blir heller ikkje trefte av regjeringas tiltakspakkar, seier Bergmål.

6 av 10 svarar at attraksjonar og opplevingar er styrande for deira val av reiseprodukt, medan 3 av 10 svarar at miljø er styrande. Talet som seier at miljø er styrande er stabilt, samanlikna med fjoråret.

– Vi har lenge sett at berekraftige reiser er ein trend, og håpar nordmenn vil søke seg til berekraftige reisemål og verksemder denne sommaren.

Blir i Norge sjølv om grensene opnar

På spørsmål om ein vil reise på ferie til utlandet denne sommaren dersom det blir mogleg, svarar nesten 7 av 10 nei.

– Det er helt umogleg for folk å planlegge for utanlandsferie slik situasjonen er no. Difor er det ikkje overraskande at mange ikkje vil reise på tur ut av landet denne sommaren, seier Bergmål.

Virke meiner det er behov for at myndigheitene no jobbar proaktivt med å legge til rette for å få i gang igjen ei gradvis gjenopning av grensene, på ein trygg og god måte.

– Vi registrerer at ei rekkje land no opnar for turistar frå Norge, medan norske myndigheiter framleis held igjen. Det å få i gang igjen internasjonal turisme er viktig både for norsk reiselivsnæring, men òg for alle dei landa som lever av turisme, seier Bergmål.

Kommentarer til denne saken