Styrker flytrafikken i distrikta – legg om avgiftene

Widerøe på Florø lufthamn.

Widerøe på Florø lufthamn. Foto:

Samferdselsdepartementet vil no legge om avgiftene flyselskapa betalar, slik at distriktsrutene kjem betre ut. 

DEL

– Dette er veldig bra og veldig nødvendig. Nordover er kortbanenettet ein viktig del av kollektivtilbodet. Desse endringane vil slå positivt ut for selskapa og for passasjerane, seier Jonny Finstad, stortingsrepresentant for Høgre i Nordland og medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen i ei pressemelding.

Endringane vil styrke lønsemda til dei kommersielle flyrutene i Distrikts-Norge, som i dag har svak lønsemd.

– Norge er eit land med store avstandar, der flytrafikken spelar ein sentral rolle som kollektivtransport, spesielt i Nord-Norge. Det er viktig å sikre best mogleg betingelser for desse rutene, seier FrPs samferdselspolitiske talsmann Morten Stordalen.

Konkret blir det gjort to hovudgrep. Ein trekker frå seks tonn ved utrekninga av den vektbaserte startavgifta, i praksis eit botnfrådrag. Denne endringa er særleg viktig for dei mindre flya som brukast på korte ruter innanlands.

– Dette er viktig for alle som er avhengig av fly i distrikta, og det vil bidra til å sikre ein god infrastruktur der fly er ein nødvendig del av kollektivtilbodet, seier KrFs parlamentariske leder Hans Fredrik Grøvan.

Det andre grepet er at ein flyttar ein større andel av kostnaden for flysikringstenestene frå dei flyselskapa som tar av og landar på norske flyplassar til dei flyselskapa som berre flyr gjennom det norske luftrommet på veg til og frå andre land. Denne endringa vil også ha som effekt å styrke den generelle konkurransekrafta til innanlandsk luftfart.

– Venstre er svært fornøgd med ein omprioritering av flyplassavgiftene. No vil distriktsflyplassane kunne få eit betre kommersielt tilbod med fly. Dette er svært viktig for å auke bulysta i Distrikts-Norge, seier Venstres Jon Gunnes – andre nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Flysikringstenester omfattar tårntenester på flyplassar, flygekontrolltjeneste for trafikken i norsk luftrom og teknisk infrastruktur for flynavigasjon.

I tillegg til dei to nemnde hovudgrepa, endrar ein berekninga av den avgifta som vert betalt for tårntenestene på alle unntatt dei fire største lufthamnene. Også dette grepet reduserer avgiftsbyrda for bruken av lette fly.

Ei utrekning viser at endringane vil medføre ein avgiftslette på rundt 40 millionar kroner for Widerøe, mens SAS og Norwegian vil få ein auke på høvesvis 15 og 17 millionar kroner.


Artikkeltags