Forseinkingar og fly innstilt på Florø lufthamn

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Snøvær skapa problem for flytrafikken måndag morgon.

DEL

Avgangar frå Florø lufthamn var på måndag morning forseinka, og fleire fly vart innstilt. Avreise til Bergen via Førde klokka 09.00, vart utsett til klokka 09.45, og flyet som skulle gått til Oslo klokka 09.25, vart utsett til klokka 09.51. Flyet som skulle ankomme frå Bergen klokka 11 vart innstilt. Same skjebne også led flyet som skulle i andre retninga før klokka 12. På spørsmåla om kvifor svara Justine Brekke frå Florø Flyservice at grunnen er vêret. 

– Rullebana har vore stengd ned fleire gonger på Flesland både i går og i dag. No har flya landa her, og vi er nesten i rute at og snart tilbake til normalt, seier ho.

Artikkeltags