Han vil styrke dei kommersielle flyrutene i distrikta ved å endre avgiftene

Florø lufthamn.

Florø lufthamn. Foto:

Samferdsleministeren føreslår no lågare avgifter på flygingar innanlands, spesielt i distrikta. Det får Widerøe til å juble.

DEL

I ei pressemelding varslar samferdsleminister Jon Georg Dale at han ønsker å legge om avgiftene på dei kommersielle flyrutene innanlands i Norge.

– Eg er opptatt av å styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor vil eg foreslå å endre dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil foreslå å flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land. Det vil styrke norsk luftfart, seier Dale.

- Med dette er vi i gang med gjennomføring av Jeløya-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftene for å sikre auka konkurransekraft.

Jon Georg Dale (FrP), Samferdselsminister

Jon Georg Dale (FrP), Samferdselsminister Foto:

Høyring i januar

Samferdselsdepartementet vil sende forslaga til endring av avgiftene på høyring i løpet av januar.

Departementet vil også foreslå avgiftsendringar som styrker grunnlaget for dei kommersielle distriktsrutene.

– Eg vil foreslå å innføre fritak frå plikta til å betale for inntil 6 tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette vil styrke konkurransekrafta til dei lettare flya som operere dagens distriktsruter. Dette forslaget vil styrke grunnlaget for kommersielle flygingar i distrikta, seier Dale.

I høyringsforslaget vil Samferdselsdepartementet høyre eit alternativ med fritak for 3 tonn og eit forslag med fritak for 6 tonn. Fritak frå startavgifta tek departementet sikte på å innføre så raskt som råd. Flytting av flysikringskostnadene er mest naturleg å gjennomføre frå 1. januar 2020 – då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Widerøe jublar

Framlegget er godt nytt for Widerøe, og vil ha aller størst betydning for dei små propellflya deira. Dette kan bety eit avgiftskutt på inntil heile 38 prosent på dei kommersielle distriktsrutene, som til dømes i Florø.

– Det er utruleg positivt at samferdselsministeren kjem med eit forslag som dette, seier Widerøe-sjef Stein Nilsen til Dagens Næringsliv.

Widerøe har tidlegare varsla at det i vinter vil komme rutekutt på grunn av den nye flypassasjeravgifta og auke i CO2-avgifta. No ser det ut til at dei kan legge dette på is.

- Når det kjem signal som dette, så vil vi sjølvsagt utsette handsaminga av moglege rutekutt. Noko anna vil vere useriøst. Dei kutta var basert på heilt andre føresetnader, seier Nilsen til DN.

Artikkeltags