Thomas Buarøy (27) kasta seg rundt då gjengen som bygde bål i fjor ikkje hadde høvet i år. Han tok på seg oppdraget, men var tydeleg på at han hadde nokre utfordringar. Det var både folk til å bygge bålet, og båtar til å frakte pallar over Florevika. Men heldigvis har Florø asylmottak.

Mottaksleiar på Solbakken Asylmottak, Bente Nygård, fortel at dei hadde svært god erfaring med bebuarar på mottaket under Våt Moro før pandemien. Difor tenkte ho at ho ville spørje nokre av dei som bur på mottaket om dei ville vere med å bygge bål på Rota. Ho hadde ikkje før sendt melding ut i WhatsApp-gruppa til alle bebuarane, før ho hadde meir enn nok folk.

Dermed gjekk det radig på Rota. Dei var fem norske og ni busette asylsøkarar som i lag nytta helga til å bygge bål.

– Det var utruleg kjekt at dei ville vere med, seier Buarøy.

Even Leirvik ifrå Sjøtjenester frakta pallane over på Rota der ekstra muskelkraft no var på plass til å stable pallane. Dermed er dei godt i rute til Jonsok.

– Vi har kome godt i gang, alle pallane som vi hadde lagra på Fugleskjærskaia er no kome over. No fredag skal vi hente nokre pallar både på Ewos og på Safari Engros, så det skal bli skikkeleg bål ja, det skal ikkje vere noko tull, slår Buarøy fast.

No har han plutseleg litt betre kontroll enn han hadde då han sa ja til jobben.

– Dette er vinn-vinn

Bente Nygård fortel at frivillig arbeid er ein super arena for dei som er busette flyktningar i Florø.

– Mange av dei som bur hos oss ønsker å bidra i samfunnet, men dei kjenner ikkje til kva ein kan vere med på, seier Nygård.

Her er dei tilsette på mottaket linken mellom flyktningane og samfunnet. Og no meinte dei tida var inne. Og responsen var også veldig bra.

– Vi i Norge er vande med dugnad og veit kva det går i, men dette er ikkje noko bebuarane våre kjenner til. Men det skal ikkje vere tvil om at dette er vinn-vinn både for florøsamfunnet og ikkje minst for flyktningane, seier Nygård.

Dei ønskjer å bidra i frivillig arbeid, dei får treffe florøfolk som likemenn, praktisere norsk og kanskje danne nye vennskap.

– For oss er det kanskje vanskeleg å sette seg inn i. Men som flyktning har du forlate alt som du har kjært. Landet, familien din, maten din, klimaet, ja, alt kring deg som understøtter kven du er som person. I det du flyktar og kjem til eit framand land, er du plutseleg ein ikkje-person, eit nummer i eit system. Du er i ein situasjon kor du ikkje har kontroll på livet ditt og du mistar status.

Tærer på psyken

Nygård fortel at dei ser at det å sitte å vente på at livet ditt skal starte igjen, tærer på psyken til alle. Men får dei vere med å gjere eit stykke arbeid der dei bidreg, er det bra for den mentale helsa og sjølvrespekten. I tillegg så er det noko som blir applaudert av florøsamfunnet.

– 99,9 prosent av dei vi har buande er kjempehyggelege flotte folk som berre vil bli kjent med florøværingen og gjere noko fornuftig. Dei vil berre bety noko for nokon. Det handlar ikkje om jobb, men om å gjere noko fysisk i lag med andre. Så eg var ikkje overraska av at så mange melde seg til å bygge bål på Rota, seier mottaksleiar på Solbakken Asylmottak, Bente Nygård.