Dei fleste av oss planlegg noregsferie til sommaren. Fem flyselskap førebur priskrig for å sikre seg passasjerar og marknadsdelar innanlands.

Fire av fem av oss planlegg sommarferie i Noreg på grunn av pandemien, viser ei ny undersøking. Det ser ut til at det blir utfordringar med å reise til utlandet som normalt, særleg utanfor Norden.

– Viss dette blir resultatet, trur eg Wizz Air vil slå til med svært låge billettprisar, kanskje heilt ned til 10 kroner for ein einvegsbillett innanlands. Eg trur ikkje SAS, Norwegian, Flyr og Widerøe vil følgje på med så låge billettprisar, men det ligg i korta at det vil bli priskrig mellom SAS, Norwegian og Flyr, seier flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs i Winair.

Han legg til at om etterspurnaden blir høg, vil billettprisane auke igjen. Det skjer viss flyselskapa greier å balansere etterspurnad og talet på flysete.

– Det store spørsmålet er om flyselskapa har is i magen og beheld kapasiteten viss passasjerane ventar til kort tid før avreise med å booke flybillettar, i motsetning til det som er normalen, som er å booke to–tre månader eller meir før reise, seier Elnæs.

– Tøft

På rutene innanlands der alle desse flyselskapa er aktørar, vil det bli tøft. Det stadfestar økonomiprofessor Frode Steen ved Noregs handelshøgskole i Bergen.

– Viss det ikkje er plass til alle selskapa, vil ein kunne risikere eit ventespel der ein ofrar pengar gjennom kunstig låge billettprisar ein periode, seier han.

Sidan konkurransen neppe kan seiast å vere driven av ein dominerande aktør slik som før, då SAS selde veldig lågt prisa sete i konkurransen mot Norwegian, er det heller ikkje nokon som kan eller vil gripe inn mot ein slik konkurranse.

– Då blir det spørsmål om kven som har ressursar til å slåst hardast og lengst, seier Steen.

Luftfartsekspert og førsteamanuensis Espen Andersen ved Handelshøyskolen BI meiner priskonkurransen blir interessant på rutene der Wizz Air og Flyr kjem inn. Han tippar at SAS og Norwegian kjem til å setje prisane kraftig ned her.

– Men dei dekkjer ikkje heile marknaden, så det vil gjelde enkelte ruter. Internt i Noreg blir det rutene mellom Oslo og byane Bergen, Stavanger, Trondheim og kanskje Tromsø, seier han.

Andersen meiner at dei tre selskapa SAS, Norwegian og Widerøe ikkje er interessert i konkurranse. Viss dei har marknaden, vil dei ikkje la seg freiste til å senke prisane for å få fleire passasjerar.

– Då tenkjer du: OK, dette kjem opp igjen. No har vi is i magen ei stund.

Svir av pengar

Flyselskapa førebur seg på det som forhåpentleg skal bli ein betre sommar etter eit rekordlågt tal reiser med fly den siste tida. No taper selskapa store beløp kvar månad.

Samanlikna med 2019 er reduksjonen i talet på passasjerar innanlands på 75 prosent, medan reduksjonen er på 90 prosent for utanlandspassasjerar.

Denne våren er det anslått at SAS brenner av mellom 500 og 750 millionar svenske kroner i månaden. Samtidig har selskapet mellom 5 og 6 milliardar kroner igjen etter milliardtilførselen i fjor haust.

Hans Jørgen Elnæs anslår at Norwegian svir av opp mot 175 millionar norske kroner i månaden. Selskapet er samtidig midt i ein rekonstruksjonsprosess der dei håpar å komme til semje med kreditorane sine for å sikre vidare drift.

Det nye selskapet Flyr er ikkje i lufta enno, og dei har heller ikkje nokon fly, men fekk inn 600 millionar kroner under børsnoteringa 1. mars. Wizz Air er eit solid selskap som ved årsskiftet hadde 1,3 milliardar euro tilgjengeleg. Dei kan halde det gåande i opptil to år utan særlege inntekter.

Manuell prising

Analytikarane er òg uvisse på korleis selskapa planlegg prissetjinga.

Espen Andersen på BI fortel at det som skjedde under pandemien, var at alle selskapa skrudde av dei automatiske prissetjingssystema. Då var det eit system som ikkje fungerte.

– Kva som vil skje no etterpå, er uklart. For vi skal opp igjen, men det er uviss korleis oppgangen kjem til å bli. Selskapa kjem til å famle litt og bruke manuell prising, meiner han.

Så lenge koronasmitten herjar, er det stor uvisse, og dermed kan passasjerane vente med å bestille billettar til rett før dei skal reise.

– Dermed blir det komplisert for flyselskapa å berekne kor mykje kapasitet dei skal setje inn, kvar skal dei fly og kva prisar som skal leggjast ut, seier Elnæs.

(©NPK)