Florømann i 50-åra mista livet i motorsykkel-ulykke i går

Ein Florø-mann i 50-åra døydde tysdag i ei motorsykkelulykke i Tingvoll kommune på Nordmøre.

DEL

Politioverbetjent Olav Gjøvik i Tingvoll stadfestar til Firdaposten at det er ein mann i 50-åra ifrå Florø som mista livet i ei motorsykkelulykke på E39 i Tingvoll kommune tysdag i 15.00 tida.

– Ulykka skjedde på ei vegstrekning rett etter avkøyring ifrå ferjeleiet Kanestraum. MC-føraren har kome i motsett køyrefelt og møtt fronten på ein buss, seier Gjøvik. Mannen var truleg på veg til heimtraktene igjen då ulykka skjedde.

– Det vart gjort gjenopplivingsforsøk på staden, der både ambulanse, luftambulanse, brannmannskap og politi var kopla inn. Men livet stod ikkje til å redde, opplyser Gjøvik.

Ulykkeskommisjonen har gjort sine undersøkingar på staden, men rapportane er ikkje tilgjengelege enno. Namnet til florømannen er heller ikkje frigitt, men dei pårørande er varsla.

Artikkeltags