Mikael Johansen gir seg som verftssjef ved Westcon Yards i Florø

Verftsdirektør hos Westcon Yards Florø Michael Johansen

Verftsdirektør hos Westcon Yards Florø Michael Johansen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Øystein Matre, administrerande direktør for Westcon Yards AS kjem til Florø i morgon torsdag.

DEL

Johansen vart tilsett som plassjef ved Westcon Yards i Florø i februar 2015. Han tok over etter Gustav Johan Nydal og hadde før det jobba ti år i ulike roller ved verftet i Florø. No takkar han for seg.

GIR SEG: Verftsdirektør Mikael Johansen gir seg som verftsjef. Her frå verftet då Arbeids- og inmkluderingsminister Anniken Haugli var i Florø 27. januar i fjor.

GIR SEG: Verftsdirektør Mikael Johansen gir seg som verftsjef. Her frå verftet då Arbeids- og inmkluderingsminister Anniken Haugli var i Florø 27. januar i fjor.

Marknads- og salskoordinator ved Westcon Yards i Florø, Ronny Kjerpeseth, stadfestar til Firdaposten at Mikael Johansen har sagt opp.

– Dette vart informert om til dei tilsette på eit allmøte ved slutten av arbeidsdagen i dag onsdag, seier Kjerpeseth.

Han har vore i dialog med administrerande direktør for Westcon Yards AS, Øystein Matre, som kjem til Florø allereie torsdag.

Overraskande

– Det var litt overraskande at Mikael Johansen har kome til denne konklusjonen. Han har vore ved verftet i 14 år og dei fire siste som verftssjef. Det er ein mann med mykje erfaring og god innsikt i bransjen som no vel å søke nye utfordringar, seier Kjerpeseth.

På kort sikt fortel han at det vil bli ei overlapping i leiargruppa etter at Johansen no er ute. Prosessen med å finne ein erstattar for Johansen er allereie i gang.

Optimist

Westcon Yards har godt med arbeid fram til jul. Og på lengre sikt meiner Kjerpeseth Florø har kompetanse og fasiliteter sog gjer dei godt rigga for oppdrag. Han meiner dessutan januar neste år har langt lysare usikter for verftet enn tilsvarande periode i fjor.  

– Eg er trygg på den kompetansen som er i verftet og no er vi allereie i gang med å søke etter folk for å rigge oss for det som er i vente, seier ein optimistisk Kjerpeseth.

Mikael Johansen var ikkje tilgjengeleg for kommentar på kvelden onsdag. 

Artikkeltags