Brannvesen og politi rykte ut etter melding om brann på Westcon

DEL

Politiet melde at dei klokka 19.13 fekk melding om at det er brann i ein omn i ein båt som ligg i dokk ved Florø hamn. Både politi og brannvesen kom raskt til staden.

– Det er kontroll på brannen, seier vaktleiar på alarmsentralen i Florø, Jan Gunnar Holvik klokka 19.30 til Firda.

Brannen oppstod i ein steikeomn om bord i båten.

– Båten ligg i dokk ved Westcon i Florø. Brannen skal ha starta i samband med at noko olje hadde komme inn i steikeomnen under matlaging. Dei skalka lukene, og prøvde å få det heile til å sløkkje på den måten. Brannvesenet vart kalla ut for å sjekke at det gjekk bra. Det gjer det, og mannskapet er klare til å returnere til stasjonen, seier Holvik.

Ein halv time seinare melde politiet på twitter at dette ikkje var ei politisak.

Artikkeltags