«Stormen» kjem mannsterke til Florø Stadion

Artikkelen er over 1 år gammel

Supporteklubben til AaFk kjem minimum med to bussar til Florø på søndag. Aalesund har stø kurs mot opprykk og har hatt god kontroll på Florø både i tidlegare serie, cup og treningskampar. – Vi har starta hausten godt og kan overraske mot Aalesund, det er eg trygg på, seier Jon Håvard Strømsnes. Leiaren til Stimen håpar tribunekampen mellom Storm og Stim skal bikke i heimelagets favør og at Florø skal halde fram den gode trenden.

DEL

Artikkeltags